Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Tsjita oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjita oblast
Читинская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Aust-Sibir
Del av Den sibirske føderasjonskrets
Hovudstad Tsjita
Areal 431 500 km²
Folketal 1 135 700
Språk russisk
Tidssone UTC +9
Bilnummer 75
Kart
Tsjita oblast
52°02′00″N 113°30′00″E / 52.033333333333°N 113.5°E / 52.033333333333; 113.5
Tsjita oblast på kartet over Russland
Tsjita oblast på kartet over Russland
Tsjita oblast på kartet over Russland
Wikimedia Commons: Chita Oblast

Tsjita oblast[a] var ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Aga Burjatia var ein del av provinsen. Hovudstaden var Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 155 000 (2002). Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblast og Aga Burjatia slått saman og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.

Tsjita oblast låg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600–700 moh.), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Om lag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er –30 grader celsius, i juli +20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar førekomstar av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia.

Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653. Allereie i løpet av 1600-talet oppstod dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Tsjita oblast eit føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved det siste valet til lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast, 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene.

  1. russisk Читинская область Tsjitinskaja oblast

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tsjita oblast