Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Twente

Koordinatar: 52°19′N 6°46′E / 52.317°N 6.767°E / 52.317; 6.767
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oostendorpermolen, nær Haaksbergen

Twente er ein region aust i Nederland, truleg kalla opp etter Tuanti, ei frankisk stamme. Regionen består av den mest urbaniserte og austlegaste delen av provinsen Overijssel. Han grenser om lag til elvane Regge og Dinkel, Tyskland og provinsane Gelderland og Drenthe. Twentekanaal går gjennom regionen.

Dei tre største byane i Twente er Enschede, Hengelo og Almelo, som først utvikla seg i løpet av 1800-talet då jernbanen kom til området og tekstilindustrien vart utvikla.

Bortsett frå dei store byane er Twente ein region med mange naturområde som Lutterzand og området rundt elva Dinkel.

Stader i Twente

[endre | endre wikiteksten]

Aadorp -- Albergen -- Almelo -- Beuningen -- Boekelo -- Borne -- Bornerbroek -- Breklenkamp -- Buurse -- Daarle -- Delden -- De Lutte -- Denekamp -- Deurningen -- Diepenheim -- Enschede -- Enter -- Fleringen -- Glanerbrug -- Goor -- Haaksbergen -- Hellendoorn--Hengelo -- Lattrop -- Lonneker -- Losser -- Mander -- Markelo -- Nijverdal--Oldenzaal -- Ootmarsum -- Overdinkel -- Rijssen -- Rossum i Overijssel -- Saasveld -- Tilligte -- Tubbergen -- Twekkelo -- Usselo -- Vasse -- Vriezenveen -- Vroomshoop -- Weerselo -- Wierden -- Zenderen

52°19′N 6°46′E / 52.317°N 6.767°E / 52.317; 6.767