Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Urnordisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Urnordisk eller frumnorderlendsk er språksteget i dei skandinaviske språka i tida mellom ca. år 200 og 500 av den vestlege tidsrekninga og var språksteget mellom urgermansk (ca. 2000 fvt.–200 evt.) og synkopetida (500700) — då dei mest trykklette stavingane fall bort og det norrøne kom til.

Primærkjelder

[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne ca 200 ulike runeinnskrifter på det urnordiske språket jamt fordelt over heile Skandinavia. Innskrifta på dei danske gullhorna som truleg er frå 400-talet evt., er det best kjente dømet på urnordisk språk. Ho lyder slik: «ek Hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawido.» Teksten ville på norrønt lyda om lag slik: Ek Hlégestr hyltir horn táða. Gullhorninnskrifta vert ofte omsett slik: Eg Legjest frå Holt (eller skogmannen eller Holts sønn) gjorde hornet. R indikerer eit fonem som vart uttala som ein mellomting mellom stemt s og en tungespiss-r. I norrøn tid fall R saman med r. Over alt i Skandinavia møter ein den same språkforma i urnordiske runeinnskrifter, men nokre meiner dei kan sjå somme lokale skilnader i grammatikken.

Forskingshistorie

[endre | endre wikiteksten]

Urnordisk er eit så arkaisk språkform at ein frå tysk side har hevda at gullhorninnskrifta like gjerne kunne vera gammal tysk. Men om gullhorna er frå 400-talet evt. og urnordisk då hadde vore skilt frå urgermansk i over to hundre år, vert den tyske påstanden lite truverdig. Gamalhøgtysk reknar ein frå 700-talet — altså etter synkopetida.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Primærkjelder

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.