Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Utdanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utdanning i Codex Manesse frå 1300-talet.

Utdanning er det å lære ei spesifikk kunne, og kan også visa til å oppnå kunnskap, god dømmekraft og visdom.

Utdanninga startar det augeblikket eit barn blir født og fortsett heile livet. For somme er kampane og triumfane i det daglege livet mykje meir lærerike enn ein formell skolegang (eller som Mark Twain seier: «Eg lèt aldri skolen komme i vegen utdanninga mi»). Familiemedlemer har ein stor utdannande påverknad - ofte meir enn dei sjølv innser – sjølv om familiens utdannande påverknad er svært uformell.

Ei formell utdanning inntreff når samfunnet forpliktar seg til å utdanne folk, som regel dei unge. Ei formell utdanning har fordelen av å vera rimeleg systematisk og grundig. Men kritikarar har alltid framheva at dei som sørgjer for utdanninga, om det er kyrkja, staten eller ei anna gruppe, nesten alltid vil prøve å forme dei studerande etter sine eigne ideal.

I dei seinare åra har ei livslang utdanning (livslang læring) blitt meir vanleg, og mange vaksne ser ikkje skolen til å vera ein stad berre for born. Dei seinaste åras teknologiske utvikling innanfor berbare apparat har au gjort at ein ikkje fysisk må sitje på skolebenken for å delta i undervising. I staden kan utdanninga skje som fjernundervising - eller i ein kombinasjon mellom fjernundervising og tradisjonell undervising.

Kategoriar

[endre | endre wikiteksten]
Klassisk utdanning - Lesing - Matematikk - Språk - Vitskap - Etikk - Fysisk utdanning - Religiøs utdanning

Formell utdanning

[endre | endre wikiteksten]
Grunnskole - Friskole - Vidaregåande skole - Høgskole - Teknisk fagskole - Universitet

Utdanningspolitikk

[endre | endre wikiteksten]
Analfabet - Standardisert test - Utdanningsreform - Skoleval - Skolestyre

Uformell utdanning

[endre | endre wikiteksten]
Tidleg instruksjon - Heimeskole

Teori og metodar

[endre | endre wikiteksten]
Utdanningsfilosofi - Utdanningsmetodar - Læremetodar

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]