Vågan kommune
Vågan kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Svolvær | ||
Areal | 479,17 km² | ||
• land | 460,04 km² | ||
• vatn | 19,13 km² | ||
Folketal | 9 793 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Frank Gudmund Johnsen (Sp) | ||
Kommunenr. | 1865 | ||
Vågan kommune 68°16′41″N 14°31′15″E / 68.278056°N 14.520833°E | |||
Kart som viser Vågan kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vågan | |||
Nettstad: www.vagan.kommune.no |
Vågan er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Han har grense til kommunane Hadsel i nord, Lødingen i aust, og til Vestvågøy over Sundklakkstraumen i vest.
Kommunen omfatter mest heile Austvågøy, Gimsøya og fleire mindre øyer, mellom anna Henningsvær og Skrova. Ein liten bit av Hinnøya høyrer òg til Vågan.
Tettstader i kommunen
[endre | endre wikiteksten]Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Fiskeindustri er den viktigaste næringsvegen, og Vågan er den største oppdrettskommunen og den nest største fiskerikommunen i Nord-Noreg. I tillegg til fiskeritenestar har kommunen òg ein av dei større verkstadindustriane i landsdelen. Andre viktige næringsvegar er reiseliv, handel og tenesteyting.
Kommunikasjoner
[endre | endre wikiteksten]Vågan har dagleg flysamband med dei andre kortbaneflyplassane i området og stamrutenettet i Bodø. Svolvær blir dagleg vitja av Hurtigruta medan det finst snøggbåtsamaband til Stokmarknes, Bodø og Narvik. Ferjesamband er det til Skutvik/E6 og mellom Fiskebøl og Melbu mot Vesterålen, og det går bilferjer til Skrova, Brettesnes og Digermulen. Svolvær har gode bussruter i fleire retningar.
Kjente vågaværingar
[endre | endre wikiteksten]- Ole Juul (1852–1927), kunstmålar
- Jack Berntsen
- Kari Bremnes
- Mathias Normann (f. 1996), fotballspelar