Vasskjelde
Ei kjelde, ile, olle eller oppkome er ein stad der grunnvatnet kjem fram i dagen. Dei finst ofte i skråningar der eit lag med sand ligg på eit vasstett leirlag eller på fast berggrunn. Vatnet vert reinsa i grunnen, slik at kjeldevatnet ofte er betre drikkevatn enn innsjø- og elvevatn.
Varmekjelder
[endre | endre wikiteksten]Varmekjelder eller termer er vatn som kjem frå så store djupner at det vert varma opp av jordvarmen. I vulkanske område kan temperaturen i vatnet kome opp til kokepunktet, som i ein geysir
Mineralkilde
[endre | endre wikiteksten]Ei mineralkjelde inneheld vatn med løyste salt frå dei bergartane det har passert, og vert ofte nytta som mineralvatn. Mange av desse kjeldene, til dømes i Aachen og Bad Ems i Tyskland, Karlovy Vary i Tsjekkia og Vichy i Frankrike er òg varme. I eldre tid vart kjelder rekna som heilage, særleg på grunn av dei helsebringande verknadane dei første med seg, som Olavskjelder.
Springkjelde
[endre | endre wikiteksten]Ei springkjelde er ei kjelder der vatnet spring opp frå jordoverflata, ofte med stor fart og med høgt trykk. Dei kan anten vere artesiske brønnar eller geysirar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kilde: sted hvor grunnvann kommer opp. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 29. november 2013 fra http://snl.no/kilde%2Fsted_hvor_grunnvann_kommer_opp.
- Springkilder. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/springkilder.