Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Vennesla kommune

Koordinatar: 58°20′33.8″N 7°58′33.4″E / 58.342722°N 7.975944°E / 58.342722; 7.975944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vennesla kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Vennesla
Areal 384 km²
 •  land 363 km²
 •  vatn 21 km²
Folketal 15 452  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Nils Olav Larsen[1] (KrF)
Kommunenr. 4223
Kart
Vennesla
58°18′38″N 7°51′25″E / 58.310555555556°N 7.8569444444444°E / 58.310555555556; 7.8569444444444
Kart som viser Vennesla kommune.
Kart som viser Vennesla kommune.
Kart som viser Vennesla kommune.
Wikimedia Commons: Vennesla
Nettstad: www.vennesla.kommune.no

Vennesla er ein kommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Kristiansand i sør, Lindesnes i vest, Evje og Hornnes i nord og Iveland og Birkenes i aust. Kommunen er prega av elva Otra, som renn sentralt gjennom han. I vest har han kyst mot Kilefjorden og skog- og heiområde. Vennesla er den største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.

Vennesla kommune blei oppretta 1964 då dei tidlegare kommunane Hægeland, Øvrebø og Vennesla blei slått saman. Kommunen omfattar sokna Vennesla, Hægeland og Øvrebø i Vennesla prestegjeld i Otredal prosti i Agder bispedøme. Han høyrer til Vennesla og Iveland lensmannsdistrikt i høyrer under Kristiansand tingrett.

Kommunevåpenet viser stiliserte trestammar, tre elveband og to tannhjul, alt i gull, mot raud bakgrunn.

Det er 6 barneskular, éin barne- og ungdomsskule og ein ungdomsskule i kommunen.

Setesdalsbanen.
Vigeland jarnverk, ca. 1925
Foto: Domenico Erdmann
Ein del av tettstaden Hægeland sett frå sør over Hægelandsvatnet.
Foto: Siri Johannessen

Historie og kultur

[endre | endre wikiteksten]

Setesdalsbanen, som i dag er museumsjernbane, byrjar ved Grovan i Vennesla og går til Røyknes. Fjellmannsvegen mellom Setesdal og Kristiansand er i dag ein tursti i kommunen.

Bommen Elvemuseum på Drivenes ligg vest for Venneslafjorden. Den verna Vigeland Hovedgård i empire- og sveitsarstil, no senter for kunst og brukskunst, ligg også i kommunen.

«Øvrebø-skien» funne på garden Mushom i 1929 blei lenge rekna som den eldste skien i Noreg. Nyare dateringar viste at han var yngre enn ein hadde trudd, rundt 500 år gammal.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Tettstader

[endre | endre wikiteksten]
  1. Kari Løberg Skår og Hans Erik Weiby (19. september 2017). «En inkluderende og sprudlende mann». NRK Sørlandet. Henta 13. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

58°20′33.8″N 7°58′33.4″E / 58.342722°N 7.975944°E / 58.342722; 7.975944