Versaillestraktaten
Versaillestraktaten av 1919 er fredsavtalen som førte til den offisielle slutten på første verdskrigen.[1] Traktaten var resultatet av ein seks månader lang fredskonferanse i Paris. Han blei ratifisert den 10. januar 1920 og kravde at Tyskland tok på seg ansvaret for krigen og dermed var pliktig til å betala store krigsskadeerstatningar til dei andre krigsdeltakarane. Likt med mange andre traktatar er også denne kalla opp etter staden han blei underteikna på: Spegelsalen i Versaillespalasset.
Traktaten førte til danninga av Folkeforbundet, ei viktig målsetjing for den amerikanske presidenten Woodrow Wilson. Føremålet med organisasjonen var å mekla i konfliktar mellom nasjonar før dei gjekk til krig.
USA ratifiserte aldri traktaten. Vala i 1918 gav Republikanarane kontrollen i Senatet, og dei blokkerte ratifiseringa to gonger. Dei ville heller ha isolasjonisme og gjekk imot Folkeforbundet. Som eit resultat gjekk aldri USA inn i Folkeforbundet, og landet forhandla da seinare fram ein separat fredsavtale med Tyskland: Berlin-traktaten av 1921 som stadfesta krigsskadererstatningane og andre delar av Versailles-traktaten, men eksplisitt ekskluderte alle artiklar som var relatert til Folkeforbundet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brazier, Eirik (25. januar 2023). «Versailles-traktaten». Store norske leksikon (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Versaillestraktaten» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2006 og 25. juni 2007.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |