Vigeland
Utsjånad
Vigeland | |||
stad | |||
Vigeland sentrum
Foto: Rolf Steinar Bergli | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Lindesnes | ||
Areal | 1,18 km² | ||
Folketal | 1 637 (2023) | ||
Folketettleik | 1 387 / km² | ||
Postnummer | 4520 SØR-AUDNEDAL | ||
Ferdselsårer | E39 460 | ||
Vigeland 58°04′47″N 7°18′28″E / 58.07975°N 7.307667°E | |||
Wikimedia Commons: Vigeland |
Vigeland er ein tettstad i Lindesnes kommune i Agder med 1 637 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg i Audnedalen.
Fram til 2019 var staden kommunesenter i tidlegare Lindesnes kommune i Vest-Agder fylke. Den 1. januar 2020 vart kommunane Mandal, Marnardal og Lindenes slegne saman, og nytt administrasjonssenter i kommunen er byen Mandal.
Valle kyrkje frå 1793 ligg på Vigeland. Ein statue av presten Peder Claussøn Friis laga av Gustav Vigeland står utanfor Valle prestegard.
Vigeland er òg eit norsk etternamn som er blitt verdskjend gjennom Vigelandsparken og spreidd til USA gjennom utvandring.