Vrangselva
Vrangselva (svensk Vrångsälven) er ei elv som renn frå Lierfløyta i Kongsvinger kommune, gjennom Eidskog kommune og vidare over grensa inn i Eda kommun i Sverige der ho renn ut i sjøen Hugn. Derfrå renn vatnet vidare gjennom andre elvar og sjøar før det når Vänern og følgjer Göta älv ut i Kattegat.
Sidan vasskiljet mellom Vingersjøen og Vrangselva berre er nokre få meter høgt, vil vatn ved høg vasstand i Glomma renne via Vingersjøen og over i Vrangselva.[1] Dette fenomenet vert kalla bifurkasjon. Det er mogeleg at Vrangselva følgjer det tidlegare løpet til Glomma slik det var før noko fekk Glomma til å renne vestover ved Kongsvinger.
Vrangselva vart i 1971 råka av krepsepest som spreidde seg oppover frå Sverige. Det vart prøvd å stoppe spreiinga med elektriske gjerde, men desse mislukkast. Spreiinga stoppa først ved ei betongdemning nesten øvst i elva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vrangselva» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Pettersson, Lars-Evan: «Glommas bifurkasjon ved Kongsvinger»