Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Vredefortkrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vredefortkrateret
verdsarv
Vredefortskrateret er ein unik geologisk lokalitet
Land  Sør-Afrika
Koordinatar 27°00′S 27°30′E / 27°S 27.5°E / -27; 27.5
Verdsarvstad
År 2005 (#29)
Nummer 1162
Region Afrika
Kriterium viii
Kart
Vredefortkrateret
27°00′S 27°30′E / 27°S 27.5°E / -27; 27.5
Kart som viser Vredefortkrateret.
Kart som viser Vredefortkrateret.
Kart som viser Vredefortkrateret.
Wikimedia Commons: Vredefort Dome

Vredefort-krateret er det største stadfesta meteorittkrateret på jorda. Det ligg i Free State-provinsen i Sør-Afrika, nær byen Vredefort, som han har namn etter. Krateret vert òg kalla Vredefort-domen, eller Vredefort impact structure.

Asteroiden som trefte Vredefort er ein av dei største som har treft jordoverflata og det er rekna ut at han han ha hatt ein diameter på meir enn 10 km. Krateret har ein diameter på ca. 300 km og vart danna for 2 023 millioner år, i den paleoproterozoiske tidsalderen, noko som gjer krateret til det nest eldste på jorda, etter Suavjärvi-krateret i Karelia.

Vredefortkrateret er eit av få krater med mange ringar, ei form som er vanlegare andre stader i solsystemet, som til dømes Valhalla-krateretJupitermånen Callisto. Dei fleste fleir-ringforma kratera på jorda er øydelagde av erosjon eller platedrift.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vredefortkrateret