Wes Brown
Brown speler for Manchester United i 2011 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Wesley Michael Brown[1] | ||
Fødselsdato | 13. oktober 1979 (45 år)[2] | ||
Fødestad | Longsight i Manchester | ||
Høgd | 1,85 m[3] | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1996–2011 | Manchester United | 232 | (3) |
2011–2016 | Sunderland | 76 | (1) |
2016–2017 | Blackburn Rovers | 5 | (1) |
2017–2018 | Kerala Blasters FC | 14 | (1) |
Landslag | |||
1998–2000 | England U21 | 8 | (0) |
1999–2010 | England | 23 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. februar 2018 |
Wesley Michael Brown (fødd 13. oktober 1979 i Manchester) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd og oppvaksen i Manchester. Han spelte i tida 1998-2011 for Manchester United, sidan 2011-16 for Sunderland AFC. Brown, som var forsvarspelar, var med på å vinne Meisterligaen to gongar, den engelske ligaen fem gongar, FA-cupen to gongar og ligacupen ein gong.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]185 cm høge Wes Brown fekk sin ligadebut for Manchester United 4. mai 1998, då han var innbytar mot Leeds United. Gjennombrotet kom i 1998/99-sesongen, då han fekk fleire kampar som høgreback, og som midtstoppar i spann med Jaap Stam. Sesongen kunne ikkje ha gått betre for Brown, ettersom United vann både den engelske ligaen, FA-cupen og Meisterligaen. Sommaren 1999 vart han skadd, den fyrste av det som skulle bli ei lang rekke langvarige skadar.
Ein fin 2000/01-sesong blei følgd opp av nok ein solid 2001/02-sesong. Brown spelte då så godt at han fekk plass i Englands tropp til VM 2002. Utover i 2002/03-sesongen spela han særleg godt, men atter pådrog han seg skadar som han sette han ut av spel i lang tid.
Etter 2008 vart det mindre speletid for Brown i Manchester United. Han hadde ikkje plass i fyrsteellevaren, og spela oftast sideback. Gjennom 13 år for United spela han 383 obligatoriske kampar for klubben.
Sommaren 2011 vart han overført til Sunderland AFC. Saman med John O'Shea, begge med fortid i Manchester United, danna han midtstoppar-par då Sunderland tapte ligacupfinalen 2. mars 2014 mot Manchester City med 1-3.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Brown deltok i tida 1999-2010 i 23 av Englands landskampar, kampar spreidd over heile perioden. Han debuterte 28. april 1999 i Budapest, og spelte siste gongen i landslagsdrakta på Wembley stadion 3. mai 2010. På landslaget var han høgreback, skåra sitt einaste landslagsmål då England og Tsjekkia spelte 2-2 i august 2008.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Meisterligaen: 1999 og 2008 med Manchester United
- Engelsk ligameister: 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007, 2008 med Manchester United
- Vinnar av FA-cupen: 1999 og 2004 med Manchester United
- Vinnar av den engelske ligacupen: 2006 og 2010 med Manchester United
- Finalist i den engelske ligacupen: 2014 med Sunderland FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Retained and released lists submitted by Premier League clubs». Premier League. 10 June 2016. Henta 24 February 2018.
- ↑ «Wes Brown». Barry Hugman's Footballers. Henta 24 February 2018.
- ↑ «Wes Brown». 11v11.com. AFS Enterprises. Henta 24 February 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Wes Browns profil på united.no Arkivert 2006-05-13 ved Wayback Machine.
- eu-football