Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

What We Did on Our Holidays

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
What We Did on Our Holidays
Studioalbum av Fairport Convention
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1969
Innspelt Juni – oktober 1968
Studio i Kingsway og Olympic Studio No. 1
Sjanger Folkrock, folk[1]
Lengd 38:07
Selskap Island ILPS 9092 (Storbritannia)
A&M SP 4185 (USA)
Produsent Joe Boyd
Fairport Convention-kronologi 
Fairport Convention
(1968)
What We Did on Our Holidays Unhalfbricking
(1969)


Singlar frå «What We Did on Our Holidays»
  1. «Meet on the Ledge»
    Utgjeve: 1968. desember
  2. «I'll Keep It With Mine»
    Utgjeve: 1969, berre i USA
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Rolling Stone(positiv) [2]
The Village Voice(A−)[3]

What We Did on Our Holidays er det andre albumet til bandet Fairport Convention og var det første med Sandy Denny, som med «ei uforgløymeleg, overjordisk stemme gav Fairport eit stort løft» i følgje kritikaren i Allmusic.[4] Med dette albumet tok dei eit steg mot folkrockstilen dei vart kjende for, mellom anna med populære songar som «Fotheringay», og songen bandet tradisjonelt avsluttar konsertane sine med, «Meet on the Ledge».[5]

Etter at Judy Dyble forlet bandet, utførte bandet prøvespelingar for å finne ein erstattar og Sandy Denny var eit opplagt val. Simon Nicol har sagt «det var berre ein vinnar...ho stod ut som eit reint glas i ein kum full av skitten oppvask».[6]

Albumet har av forfattaren Richie Unterberger vorte skildra som «ein nær perfekt balanse mellom nyskapande omarbeidingar av tradisjonelle folkesongar ... gode coverversjonar av andre folkrockartistar, nokre ganske ukjende ... og originale folkrocksongar av forskjellige bandmedlemmer.»[7] Simon Nicol har sagt at dette albumet er favoritten hans.[8]

Plateomslaget syner ei teikning av bandet som spelar, skildra på omslaget som «frå ei tavle angripen av Fairport Convention»[9]. På nytutgjevinga på Island Masters frå 1990 finn ein òg eit portrett av Sandy Denny.

I USA vart albumet gjeven ut av A&M Records (SP-4185) med akkurat dei same songane, men anna plateomslag. Plata vart òg kalla Fairport Convention.[10]

I ei melding i The Village Voice då albumet kom ut, skreiv den amerikanske kritikaren Robert Christgau at Fairport Convention var «den mest interessante, ukjende gruppa» han hadde høyrt på ei stund, og trekte fram deira variant av «Pentangle-aktige balladar» og Bob Dylan sin «I'll Keep It with Mine».[3] Neal Casal, frå Ryan Adams and the Cardinals omtalte seinare What We Did on Our Holidays som eit av favorittalbuma.[11]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fotheringay»Sandy Denny03:06
2.«Mr Lacey»Ashley Hutchings02:55
3.«Book Song»Iain Matthews, Richard Thompson03:13
4.«The Lord Is in this Place...How Dreadful Is this Place» (basert på «Dark Was The Night, Cold Was The Ground» av Blind Willie Johnson)Hutchings, Thompson, Denny02:01
5.«No Man's Land»Thompson02:32
6.«I'll Keep It With Mine»Bob Dylan05:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Eastern Rain»Joni Mitchell03:36
8.«Nottamun Town»trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Simon Nicol, Hutchings, Martin Lamble03:12
9.«Tale in Hard Time»Thompson03:29
10.«She Moves Through the Fair»trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Nicol, Hutchings, Lamble04:14
11.«Meet on the Ledge»Thompson02:50
12.«End of a Holiday»Nicol01:07
Bonusspor på nyutgjeving
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Throwaway Street Puzzle»Hutchings, Thompson03:26
14.«You're Gonna Need My Help» (konsertopptak for Symonds on SundayBBC Radio)McKinley Morgelfield04:08
15.«Some Sweet Day»Felice and Boudleaux Bryant02:32

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

med:

  • Bruce Lacey & his Robots på «Mr. Lacey»
  • Claire Lowther - Cello på «Book Song»
  • Kingsley Abbott - Myntar på «The Lord Is In This Place...», korvokal på «Meet on the Ledge»
  • Paul Ghosh, Andrew Horvitch & Marc Ellington - Korvokal på «Meet on the Ledge»
  • Peter Ross - Munnspel på «Throwaway Street Puzzle»

Produkskjon

[endre | endre wikiteksten]
  • Innspelt i Sound Techniques, London og Olympic Studio nr. 1, London (bortsett frå «The Lord Is In This Place...» spelt inn i St. Peter's Church, Westbourne Grove, West London. Tilleggspor vart spelt inn i Morgel Studios
  • Lydteknikar John Wood, Sound Techniques, London
  1. 1,0 1,1 Unterberger, Richie. What We Did on Our HolidaysAllmusic. Henta 27. mars 2019.
  2. Mendlesohn, John (6. september 1969). «Fairport Convention». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (41): 28. 
  3. 3,0 3,1 Christgau, Robert (10. juli 1969). «Consumer Guide (1)». The Village Voice. Henta 20. oktober 2017. 
  4. Allmusic
  5. «Fairport Convention: Meet on the Ledge». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  6. «Sold on Song - Song Library - Who Knows Where The Time Goes». www.bbc.co.uk. Henta 26. januar 2011. 
  7. «THE BIRTH AND HEYDAY OF FAIRPORT CONVENTION». Henta 26. januar 2011. 
  8. «Fairport Convention - Keeping Cropredy in the Happy Family». Henta 26. januar 2011. 
  9. Plateomslaget
  10. «Fairport Convention: What We Did on Our Holidays». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 26. januar 2011. 
  11. «Interview: Neal Casal (Ryan Adams & the Cardinals)». stereokill.net. Henta 27. mars 2019.