Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Whoosh!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whoosh!
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 7. august 2020
Studio
Sjanger
Lengd 51:29
Selskap earMUSIC
Produsent Bob Ezrin
Deep Purple-kronologi 
Infinite
(2017)
Whoosh! Turning to Crime
(2021)


Singlar frå Whoosh!
  1. «Throw My Bones»
    Utgjeve: 20. mars 2020[1]
  2. «Man Alive»
    Utgjeve: 30. april 2020[2]
  3. «Nothing at All»
    Utgjeve: 10. juli 2020[3]
Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic69/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[5]
Blabbermouth.net9/10[6]
Brave Words & Bloody Knuckles8.5/10[7]
Classic Rock4.5/5 stars[8]
NME3/5 stars[9]
RIFF Magazine8/10[10]
The Times2/5 stars[11]

Whoosh! er det 21. studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 7. august 2020.[12][13] Sjølv om han var med på det neste albumet deira, Turning to Crime, er dette det siste studioalbumet med originale songar med den mangeårige gitaristen deira Steve Morse, som slutta i bandet i juli 2022.

Gruppa samarbeidde med produsenten Bob Ezrin, som òg hadde jobba med dei to tidlegare albuma. Dei likte innspelinga og produksjonen. Utgivinga vart promotert med ei rekkje pressefråsegner frå vokalist Ian Gillan, som «Another album?! Whoosh?!!! Gordon Bennett!!!!».[14] Han forklarte at tittelen til albumet var vald på grunn av dei onomatopoetiske kvalitetane, og at det «sett gjennom den eine enden av eit radioteleskop skildrar den forgjengelege naturen til menneskja på jorda».[9] Han sa òg at fansen berre skulle lytta til albumet som ei hyggjeleg oppleving.[9]

Albumet skulle opphavleg kome ut 12. juni 2020, men vart utsett på grunn av covid-19-pandemien.[15] Gillan sa at det var fordi distribusjonskøane for fysiske medium burde venta til nedstengingane letta og restriksjonane vart oppheva. [14]

Tre songar frå albumet vart gitt ut som digitale singlar, først «Throw My Bones».[1] Den tredje, «Nothing at All», tek for seg temaa Moder natur, korleis menneska responderer på klimaendringar og - i den tilhøyrande musikkvideoen - plastforureining.

Den instrumentale «And the Address» dukka først opp som opningssporet på debutalbumet til bandet Shades of Deep Purple frå 1968. Den einaste musikaren som medverka på begge innspelingane var trommeslagaren Ian Paice.[8]

Albumet er delt inn i «Act 1» (spor 1 til 6) og «Act 2» (spor 7 til 12), med «Dancing In my Sleep» som bonusspor på alle utgåvene. Dobbelt-LP-en følgjer likevel ikkje denne inndelinga, då «What the What» er det siste sporet på side 2.

Det finst òg ei avgrensa utgåve med CD+DVD (i «mediabuok»-innpakning) som inneheld ei full framføring av «Live At Hellfest 2017» (92 min), og «Roger Glover and Bob Ezrin in conversation (60 min)». Denne er òg inkludert i Whoosh-boksen.[16]

Albumet fekk generelt sett gode meldingar.[4] Fleire publikasjonar la merke til at albumet inneheldt relativt korte spor og rosa den økonomiske låtskrivarstilen.[5][8] Ei melding i NME sa at albumet ikkje høyrdest ut som musikk frå 2020, men antyda at «kanskje det er bra».[9]

Med ei topplassering på fjerdeplassen var dette det høgast rangerte studioalbumet til Deep Purple i Storbritannia på 46 år.

Alle songar er skrivne av Deep Purple og Bob Ezrin, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Throw My Bones» 3:38
2.«Drop the Weapon» 4:23
3.«We're All the Same in the Dark» 3:44
4.«Nothing at All» 4:42
5.«No Need to Shout» 3:30
6.«Step by Step» 3:34
7.«What the What» 3:32
8.«The Long Way Round» 5:39
9.«The Power of the Moon» 4:08
10.«Remission Possible» (instrumental) 1:38
11.«Man Alive» 5:35
12.«And the Address» (instrumental)Ritchie Blackmore og Jon Lord3:35
13.«Dancing in My Sleep» (bonusspor) 3:51
Total lengd:51:29
Bonus spor på MSH-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«Uncommon Man» (live in Rio 2017)6:57
15.«Knocking at Your Back Door» (live in Rio 2017)5:49
16.«Black Night» (live in Rio 2017)8:14

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple

Andre medverkande

  • Saam Hashemi – programmering på «Dancing in My Sleep»
  • Ayana George, Tiffany Palmer – korvokal på «No Need to Shout»

Production

  • Bob Ezrin – produsent, miksing, perkusjon, korvokal
  • Julian Shank – lydteknikar, miksing
  • Alex Krotz, Jaime Sickora – lydteknikarar
  • Zach Pepe – lydteknikarassistent
  • Justin Cortelyou – miksing, sporing
  • Jason Elliott, Justin Francis – miksing
  • Bryce Robertson – sporingsassistent
  • Eric Boulanger – mastering
  • John Metcalf – orkesterarrangement på «Man Alive»
  • Alan Umstead – dirigent på «Man Alive»
  • Nick Spezia – orkesterinnspeling på «Man Alive»
  • Ben Wolf – bandfotografi
  • Elena Saharova – landskapsfotografi
  • Jekyll & Hyde – design

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Weekly chart performance for Whoosh!
Liste (2020) Plassering
Australske album (ARIA)[17] 13
Austerrikske album (Ö3 Austria)[18] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[19] 7
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[20] 1
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[21] 2
Danske album (Hitlisten)[22] 8
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 7
Finske album (Suomen virallinen lista)[24] 1
Den franske albumlista (SNEP)[25] 8
Tyske album (Offizielle Top 100)[26] 1
Ungarske album (MAHASZ)[27] 2
Italienske album (FIMI)[28] 6
Norske album (VG-lista)[29] 3
Polske album (ZPAV)[30] 2
Portugisiske album (AFP)[31] 26
Skotske album (OCC)[32] 1
Den spanske albumlista (PROMUSICAE)[33] 16
Svenske album (Sverigetopplistan)[34] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[35] 1
Britiske album (OCC)[36] 4
US Billboard 200[37] 161
US Top Rock Albums (Billboard)[38] 20
US Top Hard Rock Albums (Billboard)[39] 4

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2020) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[40] 56
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[41] 161
Tyske album (Offizielle Top 100)[42] 26
Polske album (ZPAV)[43] 68
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[44] 26

  1. 1,0 1,1 Hadusek, Jon (20. mars 2020). «Deep Purple Share New Song «Throw My Bones»: Stream». Consequence of Sound. Henta 5. august 2020. 
  2. Lifton, Dave (30. april 2020). «Listen to Deep Purple's New 'Man Alive' Single». Ultimate Classic Rock. Henta 5. august 2020. 
  3. Divita, Joe (10. juli 2020). «Deep Purple Release Classic Sounding New Song 'Nothing at All'». Loudwire. Henta 5. august 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Whoosh! by Deep Purple». Metacritic. Henta 12. oktober 2020. 
  5. 5,0 5,1 Thom Jurek. «Deep Purple Whoosh!». AllMusic. Henta 8. august 2020. 
  6. Jay H. Gorania. «Deep Purple «Whoosh!»». Blabbermouth.net. Henta 8. august 2020. 
  7. Larry Toering. «DEEP PURPLE - WHOOSH!». BraveWords.com. Brave Words & Bloody Knuckles. Henta 8. august 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Neil Jeffries. «Deep Purple's Whoosh!: confident, mature, and superb». Louder Sound. Henta 8. august 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Leonie Cooper. «Deep Purple – 'Whoosh!' review: rockers' 21st record is stupidly fun and outrageously silly». NME. Henta 8. august 2020. 
  10. Daniel J. Willis. «ALBUM REVIEW: Deep Purple's 'Whoosh!' is the rare modern throwback». RIFF Magazine. Henta 8. august 2020. 
  11. Will Hodgkinson. «Deep Purple: Whoosh! review — lacking that glorious heaviness of the early days». The Times. Henta 8. august 2020. 
  12. Kielty, Martin (27. februar 2020). «Deep Purple Announce New Album 'Whoosh!'». Ultimate Classic Rock. Henta 5. august 2020. 
  13. Everley, Dave (29. februar 2020). «Deep Purple announce new album Whoosh! and European tour». Louder Sound. Henta 5. august 2020. 
  14. 14,0 14,1 «Deep Purple Plan 21st Album, 'Whoosh!'». Rolling Stone. 17. mars 2020. Henta 8. august 2020. 
  15. Munro, Scott (3. april 2020). «Deep Purple utsetter utgivelsen av det nye albumet Whoosh!». Louder Sound. Henta 5. august 2020. 
  16. Whoosh-boksen
  17. "Deep Purple – Whoosh!". Australiancharts.com. Hung Medien.
  18. "Deep Purple - Whoosh!" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  19. "Deep Purple – Whoosh!" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  20. "Deep Purple – Whoosh!" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  21. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 202033 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data.
  22. «Hitlisten.NU – Album Top-40 Uge 32, 2020». Hitlisten. 
  23. "Deep Purple – Whoosh!". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  24. "Deep Purple: Whoosh!" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  25. «Top Albums (Week 33, 2020)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 17. august 2020. 
  26. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Whoosh!" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  27. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  28. "Deep Purple – Whoosh!". Italiancharts.com. Hung Medien.
  29. "Deep Purple – Whoosh!". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  30. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry.
  31. "Deep Purple – Whoosh!". Portuguesecharts.com. Hung Medien.
  32. "20200814 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  33. «Top 100 Albumes – Semana 33: del 7.8.2020 al 13.8.2020» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 18. august 2020. 
  34. "Deep Purple – Whoosh!". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  35. "Deep Purple – Whoosh!". Swisscharts.com. Hung Medien.
  36. "20200814 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  37. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media.
  38. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for Deep Purple. Prometheus Global Media.
  39. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard Top Hard Rock Albums for Deep Purple. Prometheus Global Media.
  40. «Ö3 Austria Top40 Longplay 2020». Ö3 Austria Top 40. Arkivert frå originalen 28. desember 2020. Henta 31. desember 2020. 
  41. «Rapports Annuels 2020». Ultratop. Henta 18. desember 2020. 
  42. «Top 100 Album-Jahrescharts 2020» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 18. desember 2020. 
  43. «Najpopularniejsze single radiowe i najlepiej sprzedające się płyty 2020 roku» (på polsk). Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 28. januar 2021. 
  44. «Schweizer Jahreshitparade 2020». hitparade.ch. Henta 28. desember 2020.