Wikipedia:OTRS
OTRS er eit akronym for Open-source Ticket Request System, eit e-postsystem som fungerer slik at brukarar sender e-post til ei fellesadresse, slik at friviljuge medarbeidarar i Wikimedia-stiftinga kan handsame og svare på ho. Det vert nytta mellom anna for å kommunisere med brukarar som ynskjer å vere anonyme på sjølve Wikipedia, for å gi generell hjelp om bruk av Wikipedia og syskenprosjekta, samt å registrere lisensløyver for innsendte media, slik som bilete, video- og lydfiler.
Det er to norskspråklege epostadresser:
- info-no@wikimedia.org, for saker som gjeld Wikipedia på norsk (nynorsk og bokmål)
- permissions-no@wikimedia.org, for saker som gjeld lisensløyver for bilete og anna innhald
Lisensløyver er alltid merka OTRS, som til dømes her:
Innhaldet i denne artikkelen er heilt eller delvis henta frå {{{kjelde}}}. Eigaren av opphavsretten har gjeve samtykke til at materialet leggjast ut under Creative Commons-lisensen Namngjeving/Del på same vilkåra.
Dokumentasjonen av frigjevinga er bekrefta og lagra av Wikimedia sine OTRS-medarbeidarar under registreringsnummer 2011083110000094. Denne malen vert brukt av godkjende friviljuge som tek seg av forespørsler til Wikimedia ved hjelp av OTRS-systemet, der det foreligg ei eintydig stadfesting som er send til info-nowikimedia.org eller ei motsvarende adresse. Denne malen må ikkje brukast av utenforstående for å hevde at ei slik godkjenning er gjeve eller har vore motteken. Denne meldinga er datert 20-12-2024 |
Alle OTRS-medarbeidarar er bundne av taushetsplikt, slik at dei ikkje kan gi opplysninger om innhaldet i korrespondanse som er ført gjennom systemet på anna måte enn å referere til registreringsnummeret for slik korrespondanse.
Standardtekst på nynorsk
[endre wikiteksten]Standardtekst for løyve på Commons Commons:Commons:E-postmal.
Brukarar med OTRS-tilgang
[endre wikiteksten]- Hovudside: m:OTRS/personnel