Wild Honey av The Beach Boys
Wild Honey Singel av The Beach Boys frå albumet Wild Honey | ||
Utgjeve | 23. oktober 1967 | |
Innspelt | Ukjend | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | Capitol Records | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
«Gettin' Hungry» (1967) |
Wild Honey | «Darlin'» (1967)
|
«Wild Honey» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart gjeven ut på albumet Wild Honey i 1967. Han vart òg gjeven ut som singel med «Wind Chimes» som B-side. Singelen nådde 31. plass i USA og 29. plass i Storbritannia.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Innspelinga av songen starta 26. september 1967 i heimestudioet til Brian Wilson i Bel Air i California. Songen vart nesten ferdiginnspelt denne dagen. Bandet spelte la så på fleire instrument som bongotrommer, perkusjon og trommer, der basstromma til Dennis Wilson vart tatt opp ute i ein gang.[1] Innspelinga vart så avslutta denne dagen med meir vokal og orgel.[2]
Dagen etter vart thereminen, spelt av Paul Tanner, innspelt, igjen i heimestudioet til Brian Wilson. Dette var den tredje songen til Beach Boys der dei nytta theremin.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wild Honey (Beach Boys song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: