Yell
Yell | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 60°37′N 1°06′W / 60.62°N 1.1°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 212,11 km²
|
Høgaste punkt | Hill of Arisdale (210 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Mid Yell
|
Demografi | |
Folketal | 957 (2001) |
Folketettleik | 4,5 /km² |
Yell er ei øy i North Isles i Shetlandsøyane i Skottland. Ho har like under 1000 innbyggjarar og er den nest største av Shetlandsøyane etter Mainland med eit areal på 212 km².[1][2]
Yell har vore busett sidan yngre steinalder og ein har funne spor etter fleire rundhus (broch) frå før-norrøn tid. Den norrøne perioden varte frå 800-talet til 1300-talet, då skottane tok kontroll over øygruppa.[1] Den moderne økonomien på øya består av jordbruk (crofting), fiske, transport og turisme. Øya hevdar sjølv å vere «oterhovudstaden i Storbritannia» og har eit mangfaldig fugleliv med mellom anna storjo og tjuvjo.[3]
Av viktige bygg på øya finn ein Old Haa of Brough frå 1600-talet i Burravoe. Det var eit handelshus som no er omgjort til eit museum og vitjingssenter.[4]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Yell er 31 km lang og opp mot 12 km brei. Mellom øya og Unst ligg Bluemull Sound.[5] Austsida er generelt låg og sandete, medan vestsida er meir steinete med klipper. [5] Ho har sju-åtte viker som dannar naturlege hamner.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste busetnadene på Yell ligg ved kysten. Av desse finn ein Burravoe, Mid Yell, Cullivoe og Gloup, samt Ulsta, Gutcher, Aywick, West Yell, Sellafirth, Copister, Camb, Otterswick og West Sandwick.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yell, Shetland» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.
- ↑ Penrith, James & Deborah (2007) Orkney & Shetland (part of The Scottish Islands series). Richmond. Crimson Publishing.
- ↑ Gooders, J. (1994) Field Guide to the Birds of Britain and Ireland. London. Kingfisher. Pages 147-9
- ↑ Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins. s. 991.
- ↑ 5,0 5,1 Wilson, Rev. John The Gazetteer of Skottland (Edinburgh, 1882) Published by W. & A.K. Johnstone
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Shetlopedia.com — Yell Arkivert 2008-09-07 ved Wayback Machine.