Zdeněk Kopal
Utsjånad
Zdeněk Kopal | |||
Fødd | 4. april 1914 Litomyšl | ||
---|---|---|---|
Død | 23. juni 1993 Wilmslow | ||
Nasjonalitet | Austerrike-Ungarn, Tsjekkoslovakia, USA | ||
Yrke | astronom, matematikar | ||
Institusjonar | Harvard-observatoriet | ||
Alma mater | Karlsuniversitetet i Praha Faculty of Science, Charles University |
Zdeněk Kopal (4. april 1914–23. juni 1993) var ein tsjekkisk-britisk astronom som houvdsakleg arbeidde i England.
Kopal var professor ved University of Manchester frå 1951 til 1981. Dei viktigaste forskingsfelta til Kopal var månen, formørkingsvariable stjerner og dobbeltstjerner. Han har skrive eller redigert over 45 bøker, mellom anna fleire populærvitskaplege, til dømes Widening Horizons (1970), Man and his Universe (1972), The Solar System (1972) og The Realm of the Terrestrial Planets (1979). Sjølvbiografien hans, Of Stars and Men – Reminiscences of an Astronomer kom ut i 1986.
Asteroiden 2628 Kopal er kalla opp etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Zdeněk Kopal. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.