Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Jakob Lothe 14. desember 2020. Artikkelen endret 8857 tegn fra forrige versjon.

1984, 1984 er ein roman av George Orwell, utgitt 1949, og omsett til norsk som 1984 (1984) og Nittenåttifire (2016). Det er ein dystopisk framtidsroman som teiknar eit dystert bilde av eit framtidssamfunn med diktatur og eit altomfattande propaganda- og overvakningsapparat. Nittenåttifire er saman med Animal Farm Orwells hovudverk. Begge bøkene er blant dei mest populære og aktuelle i engelsk litteratur. Mange av orda og uttrykka i romanen har og gått inn i det engelske språket, blant desse er «Big Brother is wathing you», «thoughtcrime» og «newspeak».

Etter å ha deltatt på republikansk side i Den spanske borgarkrigen, var Orwell under andre verdskrigen med i det britiske heimevernet samtidig som han skreiv for avisene Tribune og The Observer. Etter krigen heldt han fram med journalistisk arbeid, men blei meir og meir opptatt av det som skulle bli siste boka hans. Samtidig kjempa han mot sviktande helse.

Nittenåttifire samlar i seg mykje av det Orwell var opptatt av og ville åtvare mot. Romanen presenterer ei muleg framtidig samfunnsform der Orwell har dramatisert konsekvensane av internasjonale tendensar han meinte å sjå i 1930- og 40-åra. Nittenåttifire vidarefører pessimismen i Animal Farm, men bøkene er på fleire måtar ulike. Medan Animal Farm er ein satirisk dyrefabel med innslag av humor, er Nittenåttifire ein dyster, dystopisk framtidsroman med element av science fiction.

I 1984, som er året då romanhandlinga utspelar seg, er verda oppspalta i tre supermakter – Oceania, Eurasia og Eastasia. Supermaktene liknar kvarandre både ideologisk og i maktstruktur. Ein permanent skinnkrig mellom dei tener som påskot for valdsbruk i eige maktområde. Som ein kontrast til den sosialismen han trudde på, viser Orwell eit partidiktatur med eit altomfattande propaganda- og kontrollapparat. Dette effektive apparatet sørgjer for stadig nyprogrammering av det menneskelege medvitet ved hjelp av slagord som «Krig er fred», «Fridom er slaveri», «Ignoranse er styrke».

I denne totalitære verda finst det ikkje noko som er historisk sikkert, og målet for styresmaktene synest vere ei total fortrenging og utreinsking av individuelt medvit. Houdpersonen i romanen, Winston Smith frå Oceania, arbeider med systematisk historieforfalsking i partiet si teneste. Winston har enno noko varmt menneskeleg i seg, som viser seg særleg tydeleg i eit illegalt kjærleiksforhold han har til Lydia – ein arbeidar han først trur spionerer på seg, men som så leverer han ein lapp med orda «I love you». Winstons opprørsforsøk mot eit inhumant samfunnssystem mislykkast: Han kjenner hat mot partiet, men det er umuleg for han å tenkje seg noka alternativ betre verd. Winston blir arrestert og torturert; frigitt blir han første då han har slutta å eksistere som individ. Då kan han heller ikkje lenger elske Lydia.

Raymond Williams har understreka forskjellane mellom Orwells pessimistiske framtidsvisjon og utviklinga slik den verkeleg har gått til no. Det Williams legg for lite vekt på, men som Bernhard Crick får godt fram, er at Nittenåttifire dramatiserer korleis eit samfunn kunne sjå ut om kommunistiske og nazistiske ideologiar vart kombinerte med det eine formålet at ein intellektuell og politisk elite skulle kunne ha total makt og samfunnskontroll.

Sjølv om det totalitære samfunnet Orwell teiknar i Nittenåttifire ikkje er blitt realisert, viser dessutan utviklinga i mange nasjonar tendensar mot eit slikt samfunn. Det gjeld blant anna styresmakters overvaking av innbyggarane, noko som med moderne teknologi kan gjennomførast mykje meir effektivt i dag enn då Orwell skreiv romanen på slutten av 1940-talet. Setninga på første sida av romanen, «BIG BROTHER IS WATCHING YOU», signaliserer relevansen romanen har i dag – i varierande grad og med ulike konsekvensar i nasjonar verda over.

Nittenåttifire er meisterleg politisk spekulasjon i romans form. Forskarar har samanlikna boka med Thomas Hobbes’ Leviathan (1651), ein klassikar i britisk politisk filosofi. Medan Orwells dystopi er prega av vonbrot og pessimisme etter den spanske borgarkrigen, er også idéane i Leviathan påverka av forfattarens erfaring frå ein borgarkrig: Den engelske borgarkrigen slutta det året boka kom ut. Men medan Orwell er skeptisk til eineveldet (som i Nittenåttifire er representert ved den usynlege «Big Brother»), argumenterer Hobbes for at for å unngå alles kamp mot alle må folket vere blindt lydige mot ein eineveldig herskar. I dystopien Orwell skaper gjennom narrativ fiksjon, gir han 300 år seinare eit tilsvar til Hobbes. Romanen som Nittenåttifire knyter an til mest direkte i si eiga samtid, er ungarsk-britiske Arthur Koestlers Mørke midt på dagen (originaltittel: Darkness at Noon, 1940). Koestlers roman uttrykkjer vonbrot over, og kritikk av, Sovjetunionens kommunistiske ideologi ved starten av andre verdskrigen.

Orwells dystopiske framtidsvisjon blir presentert og intensivert gjennom forteljemåten hans. Det er den litterære uttrykksforma som gir tyngde til den politiske refleksjonen; den blir overtydande gjennom Orwells overtydande dramatisering av korleis eit bestemt samfunn fungerer. Dei litterære verkemidla ligg ikkje så opp i dagen i Nittenåttifire som i Animal Farm. Men dei er avgjerande for krafta i Orwells retorikk og samfunnskritikk, for eksempel kombinasjonen av sarkasme og ironi i presentasjonen av ein institusjon som «Kjærleiksdepartementet». Mange av orda og uttrykka i romanen har gått inn i det engelske språket, og har til saman danna grunnlaget for adjektivet «Orwellian». Blant desse er «Big Brother», «doublethink», «thoughtcrime», «newspeak», «memory hole» og «telescreen».

Nittenåttifire fekk tidleg uvanleg gjennomslag ikkje berre litterært og kulturelt, men også politisk. Det var lenge mange som ikkje forstod at den politiske spekulasjonen i romanen gjeld tendensar i ulike politiske system. Nittenåttifire blei ikkje berre misforstått, men også misbrukt – særleg i den antikommunistiske propagandaen i USA på 1950-talet. Romanen har vore sensurert i fleire land, og er blitt vurdert som undergravande og/eller ideologisk korrumperande. Mange politiske maktregime har kjent seg igjen i, og protestert imot, maktkritikken som romanen presenterer.

Filmen Nineteen Eighty-Four (1984) av den britiske regissøren Michael Radford og med John Hurt, Suzanna Hamilton og Richard Burton i dei viktigaste rollene følgjer Orwells tekst relativt nøye. Som romanen er også filmen ein dystopisk framtidsvisjon. Særleg godt formidlar filmen dei negative effektane av eit totalitært samfunns effektive overvaking av sine eigne innbyggarar.

  • 1984, omsett av Trygve Width. Oslo: Gyldendal, 1950. Omsetjinga kom ut i ei lang rekke opplag og utgåver. Les i bokhylla.
  • Nittenåttifire, omsett av Bjørn Alex Herman og med forord av Bjørn Ivar Fyksen. Oslo: De Norske Bokklubbene, 2016.

Les mer i Store norske leksikon

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave, 2013.
  • Bowker, Gordon. Inside George Orwell: A Biography. New York: Palgrave Macmillan, 2003.
  • Crick, Bernard. George Orwell: A Life. London: Secker & Warburg, 1980.
  • Crick, Bernard. «Blair, Eric Arthur [pseud. George Orwell]». Oxford Dictionary of National Biography. Publisert 1.9.2017 https://doi.org/10.1093/ref:odnb/
  • Hanley, Christopher. George Orwell and Education: Learning, Commitment and Human Dependency. London: Routledge, 2019.
  • Lothe, Jakob. «‘Storebror ser deg’: George Orwell – tre år før 1984». Syn og Segn 87: 6 (1981), s. 371–76.
  • Newsinger, John. Hope Lies in the Proles: George Orwell and the Left. London: Pluto Press, 2018.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls. The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press, 2012.
  • Rodden, John, red. The Cambridge Companion to George Orwell. Cambridge: Cambridge University Press, 2007.
  • Springborg, Patricia, red. The Cambridge Companion to Hobbes’ ‘Leviathan’. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Taylor, D.J. Orwell: The Life. New York:Henry Holt and Company, 2003.
  • Williams, Raymond. Orwell. London: Fontana, 1971.
  • Wilson, Frances. «The Sacrifices of George Orwell’s First Wife». New Statesman, 4.3.2020.