Raymond Williams har i bøker han skreiv om Orwell på 1970-talet understreka forskjellane mellom Orwells pessimistiske framtidsvisjon og utviklinga slik den verkeleg hadde gått. Det Williams legg for lite vekt på, men som Bernhard Crick får godt fram i biografien han skreiv om Orwell i 1980, er at Nittenåttifire dramatiserer korleis eit samfunn kunne sjå ut om kommunistiske og nazistiske ideologiar vart kombinerte med det eine formålet at ein intellektuell og politisk elite skulle kunne ha total makt og samfunnskontroll.
Sjølv om det totalitære samfunnet Orwell teiknar i Nittenåttifire ikkje er blitt realisert, viser dessutan utviklinga i mange nasjonar tendensar mot eit slikt samfunn. Det gjeld blant anna styresmakters overvaking av innbyggarane, noko som med moderne teknologi kan gjennomførast mykje meir effektivt i dag enn då Orwell skreiv romanen på slutten av 1940-talet. Setninga på første sida av romanen, «BIG BROTHER IS WATCHING YOU», signaliserer relevansen romanen har i dag – i varierande grad og med ulike konsekvensar i nasjonar verda over.
Nittenåttifire er meisterleg politisk spekulasjon i romans form. Forskarar har samanlikna boka med Thomas Hobbes’ Leviathan (1651), ein klassikar i britisk politisk filosofi. Medan Orwells dystopi er prega av vonbrot og pessimisme etter den spanske borgarkrigen, er også idéane i Leviathan påverka av forfattarens erfaring frå ein borgarkrig: Den engelske borgarkrigen slutta det året boka kom ut. Men medan Orwell er skeptisk til eineveldet (som i Nittenåttifire er representert ved den usynlege «Big Brother»), argumenterer Hobbes for at for å unngå alles kamp mot alle må folket vere blindt lydige mot ein eineveldig herskar. I dystopien Orwell skaper gjennom narrativ fiksjon, gir han 300 år seinare eit tilsvar til Hobbes. Romanen som Nittenåttifire knyter an til mest direkte i si eiga samtid, er ungarsk-britiske Arthur Koestlers Mørke midt på dagen (originaltittel: Darkness at Noon, 1940). Koestlers roman uttrykkjer vonbrot over, og kritikk av, Sovjetunionens kommunistiske ideologi ved starten av andre verdskrigen.
Orwells dystopiske framtidsvisjon blir presentert og intensivert gjennom forteljemåten hans. Det er den litterære uttrykksforma som gir tyngde til den politiske refleksjonen; den blir overtydande gjennom Orwells overtydande dramatisering av korleis eit bestemt samfunn fungerer. Dei litterære verkemidla ligg ikkje så opp i dagen i Nittenåttifire som i Animal Farm. Men dei er avgjerande for krafta i Orwells retorikk og samfunnskritikk, for eksempel kombinasjonen av sarkasme og ironi i presentasjonen av ein institusjon som «Kjærleiksdepartementet». Mange av orda og uttrykka i romanen har gått inn i det engelske språket, og har til saman danna grunnlaget for adjektivet «Orwellian». Blant desse er «Big Brother», «doublethink», «thoughtcrime», «newspeak», «memory hole» og «telescreen».
Nittenåttifire fekk tidleg uvanleg gjennomslag ikkje berre litterært og kulturelt, men også politisk. Det var lenge mange som ikkje forstod at den politiske spekulasjonen i romanen gjeld tendensar i ulike politiske system. Nittenåttifire blei ikkje berre misforstått, men også misbrukt – særleg i den antikommunistiske propagandaen i USA på 1950-talet. Romanen har vore sensurert i fleire land, og er blitt vurdert som undergravande og/eller ideologisk korrumperande. Mange politiske maktregime har kjent seg igjen i, og protestert imot, maktkritikken som romanen presenterer.
Kommentarar (8)
skreiv Helge Kåre Fauskanger
svarte Jakob Lothe
enig, takk for kommentaren!
skreiv Inger-Lene Flatin
Jenta som Winston har et forhold til heter Julia, ikke Lydia.
svarte Jakob Lothe
ok, takk!
skreiv Jakob Lothe
Hei Kjell-Olav
Kan du forandre bildetesten til "Big brother is watching you!"
Det skal også vere mellomrom mellom dei to orda "er delt" i andre linje.
Takk!
svarte Ida Scott
Hei! Kjell-Olav er på ferie nå, så jeg har retta det opp for deg. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
skreiv John Engebretsen
Raymond Williams og Bernhard Crick bør vel introduseres for uinnvidde.
svarte Kjell-Olav Hovde
Hei John, takk for fint innspill og beklager treg respons, denne har blitt liggende. Jeg har forsøkt å svare ut forslaget ved å vise til at analysene til Williams og Crick kom i bøker på henholdsvis 70-tallet og 1980. Crick var en forsker som jobbet med politisk teori, og dette er kanskje den boka Crick er mest kjent for, og han har etablert Orwellforelesningene ved Birckbeck, men om jeg skal begynne å si alt dette så er jeg redd det blir litt på siden og at jeg bringer leseren ut av leseflyten.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.