Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 13. september 2021. Artikkelen endret 12 tegn fra forrige versjon.

Mari Velsand er journalist, tidlegare programdirektør i NRK og redaktør i avisa Nationen. Ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

Mari Velsand er fødd på GranHadeland i Oppland (no Innlandet). Ho var elev ved Brandbu videregående skole og Irvine High School i Kentucky, USA, i 1984–1987. Velsand er utdanna ved Norsk Journalisthøgskole (no OsloMet – Storbyuniversitetet) i 1991–1992, tok spansk ved Universidad Complutense de Madrid i 2007 og har ein mastergrad i management frå BI i 2011.

Velsand begynte som journalist i Oppland Arbeiderblad (1987–1990) og var tilsett i NRK mellom 1992 og 2008 i ulike roller, mellom anna som redaksjonssjef, vaktsjef og distriktsredaktør i NRK Hordaland og programdirektør i Oslo (2000–2005). Ho var òg med på å lansere NRK-programmet «Norge i dag» i 1996. Ho var sjefredaktør og administrerande direktør i Nationen i 2008–2013, konsernsjef i Tun Media i 2012–2013, konserndirektør i mediehuset Amedia AS i 2014–2017, før ho blei utnemnd til direktør i Medietilsynet i 2017.

Velsand har hatt mange verv innanfor mediebransjen. Ho har mellom anna vore styreleiar i Bergensavisen, Tidens Krav og Fredriksstad Blad. I 2013–2017 var ho leiar av Oslo Redaktørforening. Ho var òg medlem av styret for NTB, leiar av Medieforeningen i Oslo og Akershus og medlem av hovudstyret i Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

I 1996 var Velsand redaktør for Ung framtid, ei bok som Norges Bygdeungdomslag gav ut.

Ho fekk Avisgutten i 2017 for stor innsats for MBL over lang tid.