Nationen er ei norsk dagsavis som kjem ut i Oslo, i papirformat alle kvardagar og som dagleg oppdatert nettavis. Ho profilerer seg som ei politisk uavhengig næringsavis for distrikta, med hovudvekt på landbruksstoff og samferdselssaker. Eigarselskapet er Tun Media AS som på si side er eigd av Amedia AS (67,2 prosent). Nationen vart grunnlagt i 1918.
Nationen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- AS NATIONEN
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Oslo
- Stifta
- 09.12.1918
- Dagleg leiar
- Jannicke Engan
- Styreleiar
- Ingrid Skogrand

Digitalt
Nationen byrja med nettavis i 1996, men ei fullverdig og kontinuerleg oppdatert nettavis kom først i 2001, samstundes som betalingsmur vart innført for ikkje-abonnentar. Podkasten «Nationen på øret» bringer kommentarar om ulike aktuelle saker. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 51 315 i andre kvartal 2024, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie

Hans Holten vart politisk redaktør i Nationen i 1945. Han hadde vore ein av partiets sterkaste opponentar mot redaktør Aadahl og fascistsympatien hos den gamle bondelagsleiinga i mellomkrigstida.
Nationen har gjennom hundre år vore riksavisa for bøndene og Distrikts-Noreg. Frå ein høgreradikal periode i mellomkrigstida har avisa i seinare tiår dyrka rolla som motstemme mot sentralisering, fråflytting frå bygdene og EU-medlemskap.
Dagsavisa Nationen blei grunnlagd som eit framhald av Landmandsposten (1896), og var hovudorganet til Landmandsforbundet/Noregs Bondelag og Bondepartiet/Senterpartiet. Avisa skulle arbeide for dei økonomiske, kulturelle og politiske interessene til bygdefolk, men ved å ta namnet Nationen var det ei erklært målsetjing å nå utover jordbruket og bøndene sine interesser. Saman med aksjonærane, knytte til bondeorganisasjonane, var tilgangen på småannonsar den økonomiske ryggrada til avisa i dei første leveåra. Ved sida av ein faglegpolitisk landbruksprofil har avisa særleg profilert seg innanfor generell distriktspolitikk og kultur.
Redaktør frå starten og fram til 1943 var Thorvald Aadahl, og i styret for avisa i mellomkrigstida sat Johan E. Mellbye, Aasmund Enger, Jon Sundby og seinare Nils Trædal og Gabriel Moseid – alle viktige personar i Bondelaget og Bondepartiet.
Redaktør Aadahl gav avisa eit antisosialistisk preg som legitimerte høgreradikale og fascistiske straumdrag innanfor bonderørsla i mellomkrigstida. Desse haldningane, og Nationen sin sterke motstand mot kriseforliket i 1935, førte til at leiinga i partiet prøvde å fjerne han som redaktør. Etter krigen blei Aadahl tiltalt for landssvik, men blei blankt frikjend. Først då Hans Holten tok over som politisk redaktør i 1945, blei avisa det lenge etterlengta talerøret for partileiinga. Frå 1963 til 1988 var Dagfinn Vårvik sjefredaktør, berre avbrote av periodar då han var statsråd eller partiformann.
Kampen om annonsekronene blei ein vesentleg faktor for at avisa installerte Mona-pressa i 1959, som var eit trykkjeteknisk samarbeid med Morgenbladet og blei rekna for å vere ei teknologisk nyhending for norsk industri og norsk presse. Den redaksjonelle profilen har vore striden for maktspreiing, nærdemokrati og mot sentralisering og fråflytting frå bygdene, og avisa har vore ei av dei få riksdekkjande avisene med ei klar nei til EF/EU-haldning.
I 1986 gjekk avisa over til tabloidformat, nettavisa blei etablert i 2001, og med omlegginga i 2005 kom utgivinga av helgemagasinet Helga. Som partipolitisk uavhengig dagsavis heldt Nationen seg lenge unna dei store mediekonserna, da tyngdepunktet i eigarskapen til avisa var organisasjonane innanfor landbrukssamvirket, gjennom Tun Media. I juni 2021 kjøpte Amedia 66,9 prosent av aksjane i Tun Media (og har seinare auka til 67,2 prosent). Distriktsavisa for heile landet har slite med dyr distribusjon, ikkje minst etter kvart som bladportoen har stige. Ved fleire høve har Nationen vurdert å skjere ned frekvensen på papirutgåva og heller satse meir på digitalt abonnement, men enn så lenge kjem avisa ut i papirformat alle dagar frå måndag til laurdag.
Opplag
Opplagstal for Nationen, 1986-2023
1986 | 20021 |
---|---|
1988 | 19726 |
1990 | 22367 |
1991 | 23011 |
1992 | 20805 |
1993 | 20102 |
1994 | 21278 |
1995 | 20278 |
1996 | 20235 |
1997 | 19104 |
1998 | 18311 |
1999 | 18039 |
2000 | 17372 |
2001 | 18652 |
2002 | 17554 |
2003 | 16987 |
2004 | 16484 |
2005 | 17061 |
2006 | 16996 |
2007 | 15871 |
2008 | 15670 |
2009 | 14514 |
2010 | 13642 |
2011 | 12824 |
2012 | 12185 |
2013 | 11794 |
2014 | 12673 |
2015 | 12954 |
2016 | 12972 |
2017 | 13370 |
2018 | 14447 |
2019 | 15309 |
2020 | 16064 |
2021 | 17839 |
2022 | 17275 |
2023 | 16807 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 20 000 |
1950 | 24 212 |
1960 | 24 809 |
1970 | 21 947 |
1983 | 21 648 |
1998 | 18 311 |
2008 | 15 670 |
2015 | 12 385 |
2020 | 16 064 |
2021 | 17 839 |
2022 | 17 275 |
2023 | 16 807 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirabonnement. Frå 2020 reknar ein både papirabonnement og digitalt abonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nr. 9.12-1918.
Redaktørar
- Jannicke Engan 2023 -
- Irene Halvorsen 2016-2023
- Mads Yngve Storvik 2014–2016
- Pernille Huseby 2013-2014 (konstituert)
- Mari Velsand 2008–2013
- Tove Lie 2005–2008
- Tord Langmoen 2000–2005
- Lars Olav Haug 1996–2000
- John Kvadsheim 1993–1996
- Erling Kjekstad 1993-95
- Kjell Martin Børringbo 1991–1993
- Osvald Magnussen 1988–1991
- Martin Vårvik 1965–1971 (vikarierte som ansvarleg redaktør medan broren Dagfinn sat i Borten-regjeringa)
- Dagfinn Vårvik 1963–1988
- Erling Johnsen 1945–1963
- Thorvald Aadahl 1918–1943
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.