Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 24. september 2021. Artikkelen endret 14 tegn fra forrige versjon.

Signy Fardal er ein norsk journalist, redaktør og kommunikasjonssjef. Ho er frå 2021 kommunikasjonssjef i Bellona. Fardal var ein markant redaktør for den norske utgåva av motemagasinet Elle frå 1998 til 2019.

Signy Fardal studerte ved Universitetet i Oslo i 1981–1985, der ho tok ex.phil., grunnfag i sosiologi og grunnfag i massekommunikasjon.

Fardal er aktiv feminist og var mellom anna medlem av Kvinnefronten i studietida.

Fardal var redaksjonssjef i universitetsavisa Universitas i 1981–1982, redaktør i Ungsosialisten i 1981–1983 og nyhenderedaktør i RadiOrakel i 1982–1984. Ho arbeidde som journalist i Dagbladet i 1983–1986.

Frå 1986 til 1997 var Fardal journalist og deretter redaksjonssjef i avisa Dagens Næringsliv. Så arbeidde ho eit år som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden.Kiese, før ho blei sjefredaktør då motemagasinet Elle blei starta i 1998. I 2019 starta Fardal firmaet FrontRow Consulting saman med Line Uppard, og arbeidde som partnar og rådgivar.

Saman med Vendela Kirsebom og Petra Middelthon gav ho i 2008 ut fem bøker om mote, mellom anna Motens abc, Partyfikseren og Fashion bible. I 2020 gav Fardal saman med Line Uppard ut boka Helt sjef: om kvinner og ledelse og veien til toppen.

Fardal fekk Nynorsk redaktørpris i 2010 for å gjere nynorsk til eit mediespråk på mote- og interiørområdet i magasina Elle og Elle interiør.