Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 33
Denne versjonen ble publisert av Per Roger Lauritzen 15. juli 2024. Artikkelen endret 63 tegn fra forrige versjon.

Kopervik er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 7,7 km², og har 11 700 innbyggjarar (2023).

Kopervik er administrasjonssenter i Karmøy kommune. Tettstaden ligg på austsida av øya Karmøy, ved munninga av den vel 1½ km lange Eidsvågen i Karmsundet. Den ytre delen av Eidsvågen, til vanleg kalla Vågen, utgjer hamna i Kopervik. Sør for Vågen ligg størstedelen av busetnaden og den korte Stangalandsvågen med småbåthamn. Tettstaden strekkjer seg tvers over Karmøy og omfattar òg Veavågen på vestsida.

Kopervik er den største tettstaden i Karmøy kommune og eit viktig handels- og kommunikasjonssentrum. Staden har omfattande industri som i stor grad er knytt til fiske og sjøfart, mellom anna fiskeforeidling, mekaniske verkstader og skipsbyggjeri, i tillegg til noko trevareindustri. I Kopervik har Kystverket losstasjon (Kopervik losstasjon), og her ligg Kopervik vidaregåande skule.

Vågen inn frå Karmsundet har gode hamneforhold. Her voks det på 1700-talet opp ein liten strandstad på storgarden Stangalands grunn.

Under den gode sildeperioden frå 1820-åra voks Kopervik som hamn og salteristad. Men først då Haugesund vart gjort til kjøpstad 1866, vart Kopervik ladestad og bykommune ved utskilling frå den dåverande Avaldsnes kommune.

Karmøy kommunestyre vedtok i 1996 at Kopervik igjen kan nytte nemninga by.