Byrknes er ein tettstad i Gulen kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 297 innbyggjarar (2023).
Byrknes ligg på Byrknesøyna, vest i Gulen kommune. Staden er endepunkt for fylkesveg 4. Byrknes har fiskevær med noko fiskeforedling. Gulen Fiskarbondemuseum opna 30. mai 1998.
Namnet kjem av norrønt Birkines (av birki, 'bjørk'), ein stad der det veks bjørk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.