Davanger er ein tettstad i Askøy kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 735 innbyggjarar (2023).
Davanger ligg inst i Davangsvågen på vestsida av Askøy. Hermetikkfabrikken, som den siste i sitt slag i Noreg, vart lagd ned i 2008 og produksjonen flytta til Polen.
Namnet. Fyrste ledd usikkert, kanskje av norrønt dǫf, 'spyd', etter forma på fjorden; siste ledd angre, 'trong vik eller fjord'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.