Herdis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Her-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘dis; kvinne’.
Herdis (kvinnenamn)
Personar med namnet Herdis
Kulturell bruk
- Herdis er hovudperson i noveller og romanar av Torborg Nedreaas.
Kjende personar med namnet Herdis
Eksempel på ein person med namnet Herdis som er omtalt i Store norske leksikon:
- Herdis Torvaldsdatter (1310–1363)
Namnestatistikk
I 2022 var det 621 kvinner i Noreg som hadde Herdis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det lite brukte Herdis følgjer dette mønsteret.
Utvikling i bruk av namnet Herdis frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.