Hjørdis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Hjǫr-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘sverd’ og etterleddet ‘dis; kvinne’. Namnet vart tatt opp att i 1860, truleg som ei følgje av skikkelsen Hjørdis i Henrik Ibsens skodespel «Hærmændene paa Helgeland» (1858).
Hjørdis (kvinnenamn)
Personar med namnet Hjørdis
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Hjørdis Abrahamsdatter fødd 1860 i Eidsvoll (Akershus).
Kulturell bruk
- Hjørdis i Henrik Ibsens «Hærmændene paa Helgeland» (1858). Skodespelet vart oppført i Kristiania, Bergen og Trondheim i 1858 og 1859. Dagny i dette skodespelet vart eit populært namn i desse byene like etterpå, derimot ikkje Hjørdis. Det kan henge saman med den tragiske lagnaden til Hjørdis i dette skodespelet.
Kjende personar med namnet Hjørdis
Eit utval personar med namnet Hjørdis, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Hjørdis Landmark (1882–1961)
- Hjørdis Ring (1909–2001)
- Hjørdis Nerheim (1940–2020)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 129 kvinner i Noreg som hadde Hjørdis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Hjørdis er blant dei namna som vart tatt i bruk under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Ibsens skodespel). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet. Hjørdis var mest brukt 1910–1914.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Hjørdis var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Hjørdis fyrst innpass i byen.
Hjørdis var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Jørdis.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Hjørdis fyrst innpass i byen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Alhaug, Gulbrand 2007: [Dagny] og [Hjørdis] i Trondheim etter oppføringa der av «Hærmændene paa Helgeland» i 1859. I: Arnold Dalen (red.): [Ola-boka: Venneskrift til Ola Stemshaug etter eit år som 70-åring 20. januar 2007]. Trondheim.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.