Ikornnes er ein tettstad i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 843 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg søraust for Ålesund, vest for munninga av Sykkylvsfjorden. Staden har betydeleg industri som blir dominert av Ekornes ASA, den største møbelprodusenten i Norden.
Ikornes har ei større småbåthamn med mellom anna oppvarma friluftsbad. Ikornnes kyrkje frå 1978, som er ei arbeidskyrkje i betong med rektangelplan, er sognekirke for Ikornnes sokn.
Namnet kjem av dyrenamnet ekorn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.