Karoline er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Karolussom kjem av latiniseringa Carolus med opphav i det germanske Karl.
Karoline (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Karoline
Eit utval personar med namnet Karoline, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Maria Carolina (1752)
- Karoline von Günderrode (1780)
- Karoline Bjørnson (1835)
- Tove Karoline Knutsen (1951)
- Karoline Frogner (1961)
- Karoline Dyhre Breivang (1980)
- Karoline Bjerkeli Grøvdal (1990)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Karoline og Caroline slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Namn med suffikset -ine var populære på 1800-talet. Det gjeld også Karoline og Caroline som var på topp 1860–64 (nr. 5 på ranglista). På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Karoline etter Karl eller Karolus. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet,og når nokre få av dei mange namna på -ine frå 1800-talet har vorte populære att rundt år 2000, kan ikkje dette sjåast på som ei oppatt-taking av den gamle skikken. Sidan år 1900 har Karoline vore brukt 1,6 gongar meir enn Caroline.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Karoline var mest brukt i Østfold og Akershus.
Karoline var mest brukt i Østfold og Akershus. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Caroline.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.