Kjölur er ei fjellvidde på Island, mellom Hofsjökull og Langjökull. Vidda ligg 600-700 meter over havet og er vasskilje mellom elvene Blanda mot nord og Hvítá mot sør. Området nærast Langjökull er dekt med ung lavamark (Kjalhraun) etter eit utbrot av vulkanen Hveravellir under Langjökull for 8000 år sidan; elles finst vidstrekte sandurer.
Fjellovergangen Kjalvegur (F35) over Kjölur har gjennom hundreåra bunde saman Sør- og Nord-Island. Den byrjar ved Gullfoss og snor seg opp mellom Langjökull og Hofsjökull, forbi Hveravellir, eit område med varme kjelder, og endar ved elva Blanda og reservoaret Blöndulón ved byen Blönduós der han er knytt til Hringvegur.
I oktober 1780 kom fem menn med hestar og 150 sauer bort på fjellet; etter dette blei kjølvegen rekna som ufarbar og blei lite brukt inntil vegutbetringar og brubygging på slutten av 1900-talet igjen har gjort Kjalvegur (som òg blir kalla Kjölur) til eit aktuelt samband mellom nord og sør på Island.
Vegen er farbar med personbil av ein viss storleik. Han blir ikkje halden open i vinterhalvåret.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.