Olivia er eit kvinnenamn som går tilbake til latin oliva som tyder ‘oliven(tre)’.
Namnet har fleire variantar: Olivia, Olivie.
Olivia er eit kvinnenamn som går tilbake til latin oliva som tyder ‘oliven(tre)’.
Namnet har fleire variantar: Olivia, Olivie.
Eit utval personar med namnet Olivia, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I 2022 var det 4 552 kvinner i Noreg som hadde Olivia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 331 jenter som fekk namnet Olivia, og det var det tredje mest populære jentenamnet dette året.
Av dei som heitte Olivia i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Olivia. Dette inneber at 35 prosent hadde Olivia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har utanlandsk opphav. Dei har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Olivia gjeld dette til dømes Amalie, Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofie og Viktoria. Nokre av dei var også noko brukte i siste halvdel av 1800-talet. I tillegg til Olivia gjeld dette til dømes Amalie, Emilie, Julie, Marie, Sofia og Sofie.
Olivia var klart mest brukt i Hedmark.
Olivia var klart mest brukt i Hedmark.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.