Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Samværsdans er dans brukt når folk møtest for å vera saman og hyggja seg i lag. Hovudsaka er å delta saman med andre og ikkje først og fremst for å visa dansen for nokon. Samværsdans står då gjerne i motsetnad til teaterdans, framsynings- eller tevlingsdans.

På engelsk har vi skiljet mellom participatory og presentational dance, og ofte kan vi også omsetja samværsdans med social dance, sosial dans.

I Noreg var folkedansen i utgangspunktet samværsdans, men har også blitt tatt i bruk til framsyning og tevling. Det same gjeld overklassen sine dansar, og motedansen, ofte kalla selskapsdans, som i dag i stor grad er brukt til tevling, mellom anna som sportsdans.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg