Vegard Sletten var ein norsk avisredaktør som er mest kjend frå perioden som sjefredaktør i Verdens Gang (VG) frå 1967 til 1977.
Etter å ha studert filologi i Oslo og Paris arbeidde han som journalist i Stavanger Aftenblad frå 1929 til 1941. Deretter var han aktiv i den illegale pressa så lenge andre verdskrigen varte. Sletten vende tilbake til Stavanger Aftenblad i fredsdagane, men etter kort tid vart han tilsett som journalist i Verdens Gang. I redaktørtida hass opplevde VG ein monaleg opplagsvekst og auka frå under 50 000 daglege eksemplar til over 150 000.
Sletten var også redaktør i den nynorske vekeavisa Norsk Tidend frå 1946 til 1975. Han var med på å grunnleggje Norsk Journalistlag, der han var leiar frå 1946 til 1949 og frå 1956 til 1962. Han var leiar i Norsk Presseforbund i 1962–1971 og i Noregs Ungdomslag frå 1947 til 1955.
Sletten vart utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1971.
Vegard Sletten var son av Klaus Sletten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.