Cozumelsmaragd er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Mexico.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Chlorostilbon forficatus
- Beskriven av
- Ridgway, 1885
Som vaksen veg fuglen rundt 2,8 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, og fuktig tropisk buskmark. Cozumelsmaragd lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.