Ermekile er ein kvadratisk kile sydd til øvre delen av ermsaumen i eit einsaumserme. Kilen kan også vere klipt i eitt med erma.
Faktaboks
- Også kjend som
- ermekaure (Tinn), ermespjeld, ermspons, ermspjell (Gudbrandsdalen)
Ermekilar er mykje brukt til klede i primærsnitt, for eksempel skjorter. Kilen gjev større vidd til erm og bol. Eit anna namn er armlask.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.