Hagesmaragd er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Chlorostilbon assimilis
- Beskriven av
- Lawrence, 1861
Som vaksen veg fuglen rundt 2,8 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog og sterkt endra tropisk skog. Hagesmaragd lever av nektar som han finn i buskar og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.