Iskappe er ein ismasse som ikkje er avgrensa til ei fordjuping i terrenget og som ikkje er omgjeve av høgare fjell.
Omgrepet iskappe blir brukt om ismassar som dekkjer eit område som er mindre enn 50 000 kvadratkilometer. Dersom ismassen dekkjer eit areal som er større enn 50 000 kvadratkilometer blir han kalla ein innlandsis.
Den midtre delen av ei iskappe ligg som regel over den høgaste delen av det underliggjande terrenget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.