Kaneldue er ein liten duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Columbina talpacoti
- Beskriven av
- (Temminck, 1810)
Som vaksen veg fuglen rundt 46 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, og tørr og fuktig tropisk buskmark. Kaneldue lever av frø som han finn på bakken.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 12 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fire månader etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.