Karbunkelfruktdue er ein middels stor duefugl i duefamilien og finst på Papua Ny-Guinea.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ptilinopus insolitus
- Beskriven av
- Schlegel, 1863
Vaksne hannar veg rundt 160 gram og hofuglane rundt 120 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog. Karbunkelfruktdue lever av frukt som han finn i buskar og i tre.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 19 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.