Sjøaure er aure som vandrar mellom saltvatn og ferskvatn. Gyting og oppvekst av ungane fram til smoltstadiet skjer i ferskvatn. Når ungane er frå 8–10 centimeter og oppover kan dei bli smolt og vandre ut i saltvatn, der dei ofte kan vere nokre månader om sommaren før dei vandrar til brakkvatn eller opp i elvane. Mange sjøaure overvintrar også i sjøen inntil dei er blitt mogne og klare for gyting. Veksten er langt betre i sjøen enn i ferskvatn.
sjøaure
Les mer i Store norske leksikon
Universitetet i Oslo
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.