Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Aldersavgrensing og ungdom som språkendringsagentar

2019, Målbryting

Aldersavgrensing og ungdom som språkendringsagentar Av Unn Røyneland 0. Introduksjon I denne artikkelen vil eg først og fremst diskutere fenomenet 'age grading' eller på norsk 'aldersavgrensing', og korleis aldersavgrensing verkar inn på ulike typar innovasjonar. Eg vil argumentere for at problemet med aldersavgrensing i synkrone generasjonsstudiar er større når det gjeld innovasjonar som først og fremst er språkinternt motiverte, enn ved innovasjonar som primært er motiverte av språkeksterne krefter. Eg vil her prøve ut Henning Andersen sin modell over ulike typar innovasjonar og ulike typar språksamfunn (jf. Andersen 1988, 1989). Hypotesen er at innovasjonar som kan tilskrivast dialektnivelleringsprosessar, dvs. kontaktinnovasjonar, er mindre utsette for aldersavgrensing enn internt motiverte nyutviklingar. For å sannsynleggjere denne hypotesen vil eg presentere nokre døme på kontaktinnovasjonar henta frå mitt eige arbeid. Dessutan vil eg presentere eit eksempel på ei nyutvikling i norsk. I tillegg til dette vil eg argumentere for at ungdom er ei svært Artikkelen er ein omarbeidd og utvida versjon av ein tidlegare artikkel publisert på engelsk (Røyneland 2001). Eg vil gjerne rette ei stor takk til Brit Mæhlum og Inge Lise Pedersen for nyttige innspel og kommentarar til tidlegare versjonar av artikkelen. Eg vil ög takke Helge Sandøy, Peter Auer, Frans Gregersen, Jan Terje Faarlund, Ame Torp og Paul Kerswill for nyttige diskusjonar og kommentarar. Målbryting 5 (2001): 85-112 https://doi.org/10.7557/17.4745 CC BY 4.0 86 Unn Røyneland viktig informantgruppe dersom ein vil studere endring i frammarsj, men at den rolla ungdom har som språkinnovatørar i språkendringsprosessar, er noko ulik i urbane og rurale strøk. Til å byrje med vil eg gi ei kort skisse av doktorgradarbeidet mitt, som dannar bakgrunnen for dei metodiske spørsmåla som vert stilte i artikkelen. 1. Presentasjon av prosjektet Den førebelse tittelen på avhandlinga er "Regionalisering av norske talemål? Ein komparativ analyse av dialektnivellering i to tilgrensande dialektområde". Dei to tilgrensande dialektområda er Røros i Sør-Trøndelag og Tynset i Nord-Østerdalen. Dei fleste innovasjonane ein kan observere i desse to områda, kan plasserast under etiketten 'kontaktintroduserte innovasjonar', og er innovasjonar som kan tilskrivast dialektnivellering. Dialektnivellering er her forstått som eit dynamisk dialektkontaktfenomen, som fører med seg ei gradvis avvikling av lokale dialekttrekk til fordel for meir regionale eller nasjonale trekk. Termen kan på den måten definerast som reduksjon av intersystemisk variasjon. Her stør eg meg mellom anna på Trudgill (1986) og Hinskens (1996). Eg har valt å bruke nivellering som ein fellesnemnar for både horisontal dialektdialekt-konvergens (det ein kunne kalle for regionaliseringsprosessar) og vertikal dialekt-standard-konvergens (standardiseringsprosessar). Nivellering er med andre ord ein to-dimensjonal prosess (jf. Auer & Hinskens 1996). For ein nærare diskusjon av omgrepa dialektnivellering, regionalisering og standardisering sjå t.d. Røyneland (1999). Eit sentralt utgangspunkt for avhandlinga er at talemålet til unge språkbrukarar er ein god indikator på korleis talemålet vil kunne kome til å utvikle seg, og at dialektnivellering dermed kan avdekkjast ved å studere språkbruken til ungdom. I samsvar med denne generelle antakelsen er informantane primært unge folk - jenter og gutar mellom 16 og 18 år. Eg har utført om lag førti individuelle uformelle intervju med ungdommar frå dei to kommunane og ti individuelle intervju med informantar frå foreldregenerasjonen. Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 87 2. Synkrone generasjonsstudiar og aldersavgrensing Den mest vanlege metoden for å studere språkleg variasjon og endring i eit spåksamfunn, er å sjå på variasjonen mellom grupper av individ. Ein av hovudhypotesane i den etter kvart klassiske artikkelen til Weinreich, Labov & Herzog (1968) er at diakron endring er synkront tilgjengeleg ved at endringane ligg avleira og kan lesast av som synkrone generasjonsforskjellar. Ved å sjå på distribusjonen av lingvistiske variablar på tvers av aldersgrupper meiner ein altså å kunne seie noko om endringar i frammarsj, og dermed også om endring generelt. Denne såkalla 'apparent time'hypotesen, eller hypotesen om synkrone generasjonsforskjellar, representerer eit brot og eit oppgjer med strukturalismens overtyding om at lydendringar ikkje kan studerast 'in vivo', dvs. medan dei skjer (jf. Gregersen 1999). Bloomfield (1933:347) seier til dømes i eit velkjent sitat at: "[T]he process of linguistic change has never been directly observed; we shall see that such observation, with our present facilities, is inconceivable". Bloomfields syn var i hovudsak at lydendringar skjer for sakte til å kunne observerast. Ei rekkje studiar av lydendringar i frammarsj i engelsktalande byar, syner likevel at dette knappast kan vere tilfellet (jf. Labov 1994). Samstundes er det ikkje heilt uproblematisk å skulle utleie diakrone konsekvensar av eit synkront materiale. Hypotesen om at diakron endring kan lesast av synkront ved å sjå på generasjonsforskjellar, er basert på ideen om at språkbruken til ei viss aldersgruppe vil vere meir eller mindre stabil for individa i denne gruppa etter kvart som dei vert eldre. Denne ideen er på langt nær ukontroversiell og representerer som vi skal sjå, ei klar utfordring for synkrone generas j onsstudiar. Eit av dei viktigaste metodiske problema knytt til denne typen studiar, er at ein ikkje kan vere heilt sikker på at dokumenterte forskjellar mellom aldersgrupper inneber faktiske endringar, og ikkje er utslag av tilfeldige svingingar i åtferd. Ulik distribusjon av variantar mellom aldersgrupper treng ikkje å vere ein indikasjon på verkeleg endring, men kan vere eit utslag av såkalla aldersavgrensing. Det vil seie språkendringar som er avgrensa til ei bestemt aldersgruppe, og som breier seg i denne gruppa i generasjon etter 88 Unn Røyneland generasjon. Til ei viss grad kunne ein argumentere for at all sosiolektisk tilpassing til den lingvistiske marknaden, som t.d. tileigning av ulike stilar eller register (yrkessjargong, fagspråk osb.), er aldersavgrensa, sidan dei involverer endringar som kan korrelerast med bestemte livsfasar (jf. Chambers 1995). Det er likevel ikkje dette ein normalt tenkjer på som aldersavgrensing. Med aldersavgrensa endringar forstår vi slike endringar som er knytt til særlege utviklingssteg hos individet, og som såleis ikkje utgjer er noko 'varig' endring i individets språklege repertoar. Eksempel på denne typen språkendringar er typiske 'ungdomsspråksfenomen', som neste generasjon ungdommar overtek, men som ikkje får innpass i 'vaksenspråket'. Ifølgje Jack Chambers (1995) finst det svært lite dokumentasjon på aldersavgrensa endringsfenomen. Det er likevel nærliggjande å tru at dette snarare heng saman med at det finst relativt få studiar som fokuserer på dette problemet, enn at det ikkje eksisterer. Ei opplagd løysing på dei tolkingsproblema ein står overfor i synkrone generasjonsstudiar, er å supplere med diakrone data. I prinsippet kan ein bruke to moglege tilnærmingsmåtar for å skaffe slike data. Den enklaste metoden er å søkje i litteraturen og samanlikne med tidlegare studiar av det aktuelle språksamfunnet. Den andre metoden, som er mykje meir avansert og tidkrevjande, er å reise attende til det same språksamfunnet etter ei viss tid og gjenta den same granskinga. Ved å studere det same språksamfunnet på to åtskilde tidspunkt, kan ein med større visse avgjere kva for endringar som har skjedd mellom tidspunkt A og B. Slike studiar av endring i verkeleg tid - såkalla 'real-time'-studiar eller diakrone endringsstudiar, kan gjennomførast på to ulike måtar: Ein kan anten oppsøkje dei same informantane etter ei viss tid og gjere nye opptak (såkalla 'panel'-studiar), eller ein kan oppsøkje ein tilsvarande populasjon i det same området ei viss tid etter (såkalla 'trend'studiar). Tolking av diakrone endringsdata, anten frå 'panel'- eller 'trend'studiar, krev ein underliggjande modell for korleis individ endrar eller ikkje endrar språket sitt gjennom livet, og korleis ulike språksamfunn endrar eller ikkje endrar seg over tid. Her kan ein Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 89 tenkje seg mange moglege kombinasjonar, men dei enklaste kan ifølgje Labov (1994) konkretiserast i fire distinkte mønster (jf. tabell 1). Dei to første mønstra er relativt uproblematiske: (i) Dersom individets språk held fram med å vere stabilt og språksamfunnet heller ikkje endrar seg, er resultatet null variasjon og stabilitet, (ii) Dersom individet endrar si språklege åtferd gjennom livet, mens språksamfunnet som heilskap ikkje endrar seg, er resultatet aldersavgrensing. Det tredje og fjerde mønsteret er ikkje så beinkløvd: (iii) Generas jonsendring er det sosiolingvistar vanlegvis refererer til som 'endring' og som er utgangspunktet for synkrone generasjonsstudiar. Individets fonologiske og morfologiske system er i desse tilfella uendra etter ein viss alder samstundes som språksamfunnet gjennomgår ei endring fordi nye generasjonar av individ tileignar seg andre fonologiske eller morfologiske variantar enn den eldre generasjonen, (iv) Det motsette av dette mønsteret er at språksamfunnet endrar seg ved at alle individa i dette språksamfunnet endrar si språklege åtferd eller tileignar seg nye former samstundes uansett generasjon. Tabell 1 Mønster for endring på individ og samfunnsnivå, +/+ variasjon Individ Samfunn (i) Stabilitet Stabilt (+) Stabilt («•) (ii) Aldersavgrensing Ustabilt (+) Stabilt (+) (iii) Generasjonsendring Stabilt (iv) Samfunnsmessig endring Ustabilt (+) (*) Ustabilt (+) Ustabilt (+) (Etter Labov 1994:83) I ein re-analyse av Henrietta Cedergren sin diakrone 'trend'-studie av lydendring i Panama City syner Labov at det som vert analysert og tolka som generasjonsendringar, faktisk let seg betre beskrive som aldersavgrensa endringar, men han finn og at det er faktisk endring i 90 Unn Røyneland gang (Labov 1994:97).! Konklusjonen til Labov er at vi, i vår iver etter å avgjere om den eine eller den andre modellen er 'den riktige' for ein gitt prosess, kan ha sett opp ein villeiande motsetnad mellom aldersavgrensing og generasjonsendring. Det er altså mogleg at aldersavgrensing er involvert i diakrone endringsmekanismar for visse typar av lingvistiske endringar. Dette syner at spørsmålet om aldersav-grensing på ingen måte er trivielt, og at det bør takast alvorleg både i synkront og diakront baserte endringsstudiar. 3. Ungdom som språkendringsagentar Det er brei semje blant forskarar om at barn og unge spelar ei sentral rolle i språkendrings- og dialektnivelleringsprosessar - både som innovatørar og påskundarar av endring (jf. Eckert 2000, Kerswill 1996, Chambers 1995, Labov 1994). Ei rekkje studiar av endringar i frammarsj indikerer ifølgje Labov at "[...] adolescents, and preadolescents, are the leading edge in the prosess of sound change, and that any study must be sure to include extended recordings of their speech" (Labov 1994:47, mi utheving). Ei stor britisk gransking som har sett på språkutviklinga i tre byar i England, Milton Keynes, Reading og Hull, syner at ungdom i alderen 14-18 år er særleg viktige 'språkendringsagentar' (jf. Kerswill 1996, Cheshire et al. 1999). Studiar frå USA syner også at ungdom i denne aldersgruppa er dei mest nyskapande språkleg sett (Eckert 1988, 2000, Labov 1966). 1 I perioden 1969-71 utførte Cedergren ein synkron generasjonsstudie i Panama City. Tolv år seinare gjennomførte ho ein ny studie med ein tilsvarande populasjon som første gongen (dvs. ein 'trend'-studie). Den einaste variabelen som synte eit klart endringsmønster ved den synkrone generasjonsstudien, var lenisering av (ch) i ord som muchacha, muchos, chica, som inneber eit skifte frå affrikaten [tf] til frikativen [/]. Målet med å dra attende til Panama City og utføre ein 'trend'-studie, var å skaffe diakrone bevis som kunne avgjere om lenisering av (ch) faktisk var ei endring i frammarsj eller ikkje. Analysen av det nye materialet stadfesta ifølgje Cedergren at det var verkeleg endring i gang. I re-analysen av det same materiale viser Labov at dataa korresponderer betre med aldersavgrensingsmodellen enn med generasjonsendringsmodellen, sjølv om han altså finn at det også er faktisk endring i gang. Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 91 Også i tilfelle der nye varietetar vert etablerte, og i situasjonar med stor språk- eller dialektkontakt, ser det ut til at ungdom står i spissen for utviklinga, t.d. Milton Keynes i England, og Sidney i Australia (jf. Kerswill 1996, Horvarth 1985). Det same gjeld for dialektnivellering og etablering av nye regionale varietetar (jf. t.d. Kotsinas 1997). Det er sjølvsagt ikkje berre språkleg at ungdom er den mest kreative og nyskapande aldersgruppa, men også sosialt og kulturelt sett - tenk berre på livsstil, trendar, klede, musikk osb. Ungdommar er også sentrale når det gjeld formidling og spreiing av nye former - gjennom kompisar og ungdomsgjengar får nye språklege variantar fotfeste og vert overførte til nye grupper av ungdommar. På vegen vert gjerne dei nye formene etablerte som nye normer for ungdomsgruppa - først i særlege brukssituasjonar og stilar (t.d. når ungdommen snakkar seg imellom). Med tida kan desse nye språknormene verte spreidde til større delar av innbyggjarane i eit språksamfunn og bli brukte i alle situasjonar. Men ikkje alle nye ord og vendingar får innpass i 'vaksenspråket'. Ein del trekk vert fødde og døyr i ungdomsgjengen. Sjølv om ungdommar kanskje er dei mest innovative og ekspansive lingvistisk sett, kan ein likevel ikkje sjå bort frå at folk i alle aldrar endrar på språket sitt, og at individet kan gjere større eller mindre språklege omstruktureringar gjennom heile livsløpet. Hypotesen om at diakron endring kan lesast av synkront ved å sjå på generasjonsforskjellar, er basert på ideen om at språkbruken til ei viss aldersgruppe, vil vere meir eller mindre stabil for individa i denne gruppa etter kvart som dei vert eldre (jf. ovanfor). Dét skulle i så fall innebere at folk ikkje endrar talespråket sitt etter ein viss alder. Dette er sjølvsagt ikkje tilfellet (jf. t.d. Coupland & Nussbaum 1993, Croft 2000). Barn og ungdom er ikkje åleine om å introdusere og spreie innovasjonar, biletet er meir komplekst. Folk kan utan tvil endre på språket sitt gjennom heile livet, men kva ein kan endre, er truleg relatert til alder. Paul Kerswill seier til dømes: [...] people of all ages can (and do) modify and restructure their language - though exactly what they can change is to some extent agerelated [...] borrowings are the easiest to acquire, while lexically unpredictable phonological changes are the most difficult. In between 92 Unn Røyneland are Neogrammarian changes and morphonologically conditioned features. The age of the speaker is critical; only the youngest children acquire the "hardest" features. However, adolescents may be the most influencial transmitters of change (Kerswill 1996:177f). Det er til dømes openbert at folks leksikon er i kontinuerleg endring gjennom heile livet, og at ein held fram med å tileigne seg nye sosiale og stilistiske register også i vaksen alder. Men det er mindre truleg at vaksne vil vere 'the leading edge' - for å bruke Labovs ord når det gjeld fonologiske og morfologiske innovasjonar.2 Labov hevdar til og med at eldre språkbrukarar i liten grad tek del i dei endringsprosessane som går føre seg i språksamfunnet rundt dei (Labov 1994:112). Det betyr at synkrone generasjonsstudiar kan stå i fare for å underspele den faktiske endringsraten, og at unge språkbrukarar er heilt essensielle som informantar for å oppdage endringar i frammarsj. Samstundes indikerer longitudinelle studiar større grad av aldersavgrensing blant unge enn blant eldre språkbrukarar. Det vil seie at ein står overfor det tilsynelatande paradokset at ungdom utgjer ei svært interessant informantgruppe sidan dei er viktige agentar i språkendringsprosessar, men samstundes er det også i denne gruppa at potensialet for aldersavgrensing er aller størst. Dei to tinga heng sjølvsagt saman. Aldersavgrensa fenomen er meir hyppige i ungdomsgruppa enn i andre aldersgrupper, nettopp fordi ungdom er mest innovative - og dermed også svært interessante som informantar i språkendringsstudiar. Det at ungdom er dei mest 2 William Croft (2000) hevdar at hypotesen om at grammatikken til vaksne språkbrukarar er meir eller mindre stabil, er basert på ei rekkje forventningar om grammatikk, språkinnlæring og innfødde si språkevne som dels er logisk unødvendige og dels empirisk tvilsame. Til dømes viser det faktum at vaksne emigrantar gjerne misser både fonologiske og grammatiske ferdigheiter i morsmålet sitt etter mange år i 'utlendigheit', at det kan skje store omstruktureringar også i vaksne sin grammatikk. Croft har eit poeng her, men sjølv om vaksne språkbrukarar også kan vere 'delaktige' i språkendringsprosessar, viser ei rekkje sosiolingvistiske studiar at det likevel er ungdom som er mest innovative og ikkje minst mest aktive når det gjeld spreiing av nye former. Det står dermed ikkje til å unnslå at unge språkbrukarar utgjer ei særleg viktig informantgruppe når ein er interessert i korleis talemålet på ein plass vil kunne kome til å utvikle seg. Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 93 innovative, heng saman med at denne aldergruppa gjerne har eit sterkt ønske om og behov for å markere seg som gruppe. Problemet med aldersavgrensing slår ned som ei metodisk bombe i mitt prosjekt, sidan eg har valt å konsentrere meg om talemålet til ungdom. 1000-kronersspørsmålet er om dei lydmessige og grammatiske forskjellane ein kan observere mellom ungdommane i dei områda eg studerer, Røros og Tynset, og foredregenerasjonen deira, er varige forskjellar, eller om ungdommane vil gå attende til meir tradisjonelle dialektformer når dei vert vaksne. Finst det nokon veg ut av dette metodiske dilemmaet? I det følgjande vil eg argumentere for at det g jer dét, og at ein nyttig strategi er å sjå på kva for type innovas jon og ikkje minst kva for type samfunn ein har med å gjere. Det er klart at dei innovasjonane som initierer endring, er av ulike slag og har ulike typar motivasjonar. Dette er viktige premissar ein bør diskutere i spørsmålet om aldersavgrensing. Hypotesen eg gjerne vil introdusere og diskutere, er at 'faren' for aldersavgrensing er langt meir overhengande ved systeminternt motiverte innovasjonar enn ved innovasjonar som kan tilskrivast dialektkontakt - det vil seie konvergens mot allereie eksisterande variantar anten i nabodialektar eller i ein eventuell nasjonal standardvarietet. 4. Aldersavgrensing og ulike typar innovasjonar For å kunne skildre dei ulike ledda i diakrone utviklingar på ein god måte, brukar Henning Andersen (1988, 1989) omgrepet innovasjon for å referere til kvart element i bruken eller grammatikken som er forskjellig frå tidlegare bruk eller grammatikk.3 Kvart steg i ei diakron utvikling er slik sett ein innovasjon - og ikkje berre den første initielle innovasjonen som 'gir liv', så å seie, til ein ny lingvistisk variant. Det er gjennom eit utal individuelle innovasjonshandlingar 3 Andersen (1988, 1989) opererer med eit skarpt skilje mellom 'innovasjon' og 'endring', og føretrekkjer å snakke om innovasjonar (sidan det tek relativt lang tid før ein innovasjon faktisk blir ei endring, dersom ho blir ei endring i det heile). Ifølgje Andersen har omgrepet 'endring', blitt ei større belastning enn ein ressurs for lingvistikken. 94 Unn Røyneland - som aksept, tileigning, innlæring og bruk - at nye variantar kjem i sirkulasjon, vinn terreng og kjem i konkurranse med tradisjonelle bruksformer i eit språksamfunn. Blant dei ulike typane av innovasjonar er det likevel dei initielle innovasjonane som viser størst variasjon, og som involverer flest ulike motivasjonar (Andersen 1989:14). Andersen deler dei initielle innovasjonane i tre hovudgrupper, som skil seg frå kvarande ved at dei involverer ulike typar motivasjonar - det er adaptive, evolutive og spontane innovasjonar (jf. tabeli 2). Adaptive innovasjonar, eller det ein også kunne kalle for tilpassingsinnovasjonar, er slike som inneber ei tilpassing til variantar som allereie finst i andre varietetar. På den måten kan dei seiast å vere systemeksternt motiverte. Sjølv om innovasjonane er nye i den varieteten som tek dei opp i seg, er dei er altså ikkje nyskapingar i eigentleg forstand. Adaptive innovasjonar involverer finalitet på den måten at tilpassinga har ein modeil, eller eit endeleg resultat, som mål. Evolutive innovasjonar, eller utviklingsinnovasjonar, er innovasjonar som ikkje finst i nokon annan varietet, og som dermed er reelle nyskapingar. Denne typen innovasjonar har i utgangspunktet ikkje noko klart eller definert mål, men kan involvere ulike grader av målretting. Evolutive innovasjonar er, til liks med den siste typen, spontane innovasjonar, først og fremst systeminternt motiverte. Skiljet mellom intern og ekstern er sjølvsagt diskutabelt og blir her vel å merke berre brukt i høve til initielle innovasjonar. Så snart ein innovasjon vert spreidd i eit språksamfunn, vert han sosialt betinga og dermed eksternt motivert (jf. Milroy 1992).4 Andersen spesifiserer vidare ulike 4 James Milroy (1992) argumenterer for at distinksjonen mellom 'intern' og 'ekstern' er falsk, sidan all endring på ein eller annan måte er avhengig av sosiale forhold og dermed eksternt motivert. Spørmålet er, meiner Milroy, kvifor ein såkalla intern innovasjon fann stad til akkurat den tida og på den plassen han gjorde, og ikkje til andre tider eller på andre plassar (jf. Milroy 1992:201ff). Dette spørsmålet er det ifølgje Croft (2000) høgst sannsynleg umogleg å svare på. Croft hevdar vidare at sosiolingvistisk teori om språkendring ikkje svarar på spørsmålet om initielle innovasjonar (‘the actuation problem'), men først og fremst har konsentrert seg om å forklare diffusjon og spreiing av innovasjonar ('the transmission problem'). Etter det eg kan sjå, er Milroy sin kritikk av skiljet mellom intern og ekstern absolutt Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 95 subtypar av dei tre hovukategoriane. Eg har berre tatt med dei subtypane som er viktige for den vidare diskusjonen her, det er kontaktinnovasjonar og abduktive innovasjonar, som er undergrupper av respektive adaptive og evolutive innovasjonar. Tabell 2 Typologi over innovasjonar (i) Adaptive innovasjonar Kontaktinnovasjonar (ii) Evolutive innovasjonar Abduktive innovasjonar (iii) Spontane innovasjonar (systemekstemt motiverte involverer finalitet) (systemintemt motiverte - involverer grader av målretting) (systemintemt motiverte) For å seie det noko forenkla, så skil kontaktinnovasjonar og abduktive innovasjonar seg frå kvarandre først og fremst ved å vere respektive systemeksternt og systeminternt motiverte. Som det ligg i namnet, er kontaktinnovasjonar slike som har blitt plukka opp frå andre varietetar ved at det har vore kontakt mellom varietetane. Abduktive innovasjonar er derimot nyskapingar som oppstår gjennom naturleg språkinnlæring ved at barn kjem fram til nye grammatikkar via den verbale produksjonen til omgivnadene. Andersen (1973) foreslår at konstruksjon, testing og bruk av grammatikkar impliserer dei tre logiske strategiane deduksjon, induksjon og abduksjon. Gitt eit spesifikt resultat, som til dømes at Ibsen er død, og ei lov, at alle menneske er dødelege, kan ein abdusere at Ibsen må ha vore eit menneske - der ein altså sluttar frå ei lov og eit resultat at noko må ha vore tilfellet. Men Ibsen kan også ha vore ein katt utfrå ei lov om at alle kattar er dødelege. Abduksjon er på den måten upåliteleg fordi det er lett å dra slutningar utfrå feil lov. Av same grunn er abduksjon svært viktig fordi han er den på sin plass når det gjeld diffusjon av innovasjonar, men ikkje når det gjeld korleis nye variantar oppstår - dvs. initielle innovasjonar. Her finn eg det både nyttig og klargjerande å operere med eit skilje mellom innovasjonar som kan seiast å vere enten eksternt eller internt motiverte. 96 Unn Røyneland einaste av dei tre logiske slutningstypane som kan skape og introdusere nye grammatikkar. April McMahon (1994:84) seier: "In terms of grammar construction, the child hears language in her environment, construes it as a result and guesses at the structure of the grammar which produces it, with the help of whatever linguistic laws we assume to be innate; this is abduction". For å sannsynleggjere hypotesen om at aldersavgrensing representerer eit mindre problem når det gjeld kontaktinnovasjonar enn andre typar innovasjonar, vil eg presentere to døme på kontaktinnovasjonar og eitt døme på ein abduktiv innovasjon. Dei to kontaktinnovas jonane er henta frå mitt eige materiale, og er døme på rurale trekk som vert nivellerte: Det er palatalisering av alveolarar og palatalisering av <s> framfor <k>. Det eg har valt som døme på ein abduktiv innovasjon, er ein mykje omtalt innovasjon som er på full fart fram i urbane strøk her i landet, og som er ei mogleg endring i frammarsj, nemleg samanfallet mellom kje ogsje. 4.1 Kontaktinnovasjonar - nivellering av forskjellar mellom system (rurale eksempel) 4.1.1: Palatalisering av lange alveolarar og alveolarsamband med t, d, n, l. I dei fleste tilfelle vart gno. Il, Id, lt, nn, m (>nn), nd, nt, dd og tt palataliserte postvokalisk på Røros og Tynset - (når det gjeld dd og tt, særleg etter fremre vokalar, jf. Sjekkeland 1997:106). <ball> ba[Æ], <kveld> kve[Å:J], <spesielt> spesie[Åc], <mann> ma[p:], <bjørn> bjø[p:], <synd> sy[p:], <vinter> vi[pc]er, <hytte> hy[c:]e, <itte> i[c:J, <hadde> hajj:] Palatalisering av alveolarar er eit trekk som finst i vide område av landet, sjølv om palataliseringa varierer mykje i styrke frå område til område. Forskjellane kjem blant anna fram ved at palataliseringa reint fonetisk er meir markert somme stader enn andre, og ved at særdraget er gjennomført ved fleire eller færre av alveolarsambanda: nn og II har størst geografisk utbreiing, medan tt har minst. Alveolarane blir dessutan berre palataliserte i innlyd i enkelte Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 97 område, medan dei i andre område blir palataliserte både i innlyd og utlyd. Trekket er relativt utbreidd og har på den måten monaleg regional støtte. Palatal uttale av alveolarar er likevel på tilbaketog i mange av dei dialektane som tradisjonelt har hatt dette trekket (jf. t.d. Borg 1971, ulike artiklar i Jahr 1990, Abrahamsen 1995). Trekket har mest heilt forsvunne frå Tynset (jf. t.d. Bakås 1998), og er også svært ustabilt på Røros. Trekket finst korkje i den 'klassiske' eller den 'yngre' varianten av 'standard austnorsk'.5 Det ser ut til å vere ein klar tendens til at trekket vert nivellert først i sentrale strøk. Typisk nok er trekket borte i mange av byane i dei palataliserande områda. Både på Røros og Tynset er det høgt sosialt medvit kring dette trekket. Det er eit trekk mange nemner når dei blir bedne om å skildre dialekten sin, og som mange også markerer i skriftlege presentasjonar av dialekten. Palatalisering av alveolarar kan på den måten seiast å vere eit svært 'salient' trekk.6 Spørsmålet om nivellering av palatal-alveolarane inneber ei fonemisk eller fonetisk endring, er noko uklart. Arnold Dalen (1985) tolkar alle palatalane som sjølvstendige fonem i Skognamålet, og Hallfrid Christiansen (1973) tolkar også palatalane som eigne fonem i det meste av landet. Når det gjeld Røros og Tynset, er eg noko usikker på om distinksjonen er fonetisk eller fonemisk, men det er ikkje noko stort poeng i denne samanhengen. Fonemstatusen til palatalane er uansett relativt marginal både pga. distribusjonen (det finst få eller ingen minimale par) og det historiske opphavet (jf. Sandøy 1987). 5 'Klassisk' standardtalemål refererer til ein språkleg sett konservativ varietet som ligg nær det tradisjonelle oslo-vest målet, og som gjerne vert assosiert med høg sosialklasse og sosiokulturell og økonomisk prestisje. Den 'yngre' standarden refererer til eit meir variert og gjerne austkantprega oslomål som gir assosiasjonar i retning av urbanitet, modernitet og bymessig tilknyting (for grundigare diskusjon sjå Røyneland 1999). 6 Termen 'salient' refererer til lingvistiske trekk som på ulike måtar og av ulike grunnar (språkinterne og språkeksterne), er perseptuell og kognitivt svært framtredande, og som dermed ofte vert bytte ut med andre, mindre 'saliente', trekk. For diskusjon av termen 'salient' sjå t.d. Kerswill (2000) og Auer (1998). 98 Unn Røyneland 4.1.2: Palatalisering av <s> framfor <k> i alle posisjonar (ordinitialt, -medialt og -finalt): <skole> /Jkuda/, <vaske> /vajka/, <faktisk> /faktifk/, (også i samansettingar td. <røskatt> /røifkat:/) Dette er eit svært lite utbreidd trekk geografisk sett. Det er faktisk berre Røros som har det. Dermed kan ein seie at det fungerer som ein sjibbolett for området. Folk på Røros og i nabobygdene er generelt svært medvitne om dette trekket, og som regel er denne 'tjukke s-en' det aller første både yngre og eldre rørosingar nemner når dei skal skildre dialekten sin. Det er med andre ord eit svært salient trekk som det er høgt sosialt medvit kring. Trekket er svært ustabilt mellom ungdom. Eit fåtal av ungdommane har trekket i det heile, men dei som har det, gjennomfører det så å seie konsekvent. Det vil seie at det er stor interindividuell variasjon, men liten intraindividuell variasjon når det gjeld dette trekket. Nivelleringa av postalveolar uttale av <s> framfor <k> på Røros inneber berre ei fonetisk og ikkje ei fonemisk endring. Distribusjonsreglane for den postalveolare frikativen vert endra - ved at han forsvinn framfor <k> - men sjølve fonemet finst sjølvsagt framleis i fonemsystemet. Det er med andre ord berre fonotaksen som vert endra. Både palatalisering av <s> og palatalisering av alveolarar skil seg frå både 'klassisk' og 'yngre' standardtalemål. 4.2 Abduktiv innovasjon - nivellering innafor eit system (urbant eksempel) Samanfall mellom den dorsopalatale frikativen /?/ og den postalveolare frikativen /(/: /?/ > /j/ kan tene som døme på ein såkalla abduktiv innovasjon. <kjole> [?uda] => [Juda] , <kjøpe> fcørpa] => [fØ:pa], <kino> [siinu] => Lfimu] Samanfallet mellom desse to fonema fører til samanfall av ei rekkje minimale par: Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar <Kjell> [$el:] <skjell> Lfeli] => => <kysse> [?ys:s] => "han [fys:a] henne" [fei:] [fei:] <kitt> [<?it:] <skitt> [fit:] => => [Jys:a] <skysse> [fysm] (kyssa eller skyssa?) 99 [fit:] [fit:] => [Jys:a] Samanfallet mellom /?/ > /f/ blei først rapportert frå Bergen, men det ser ut til å ha dukka opp meir eller mindre samstundes i Oslo, Stavanger og Trondheim. Samanfallet kan ikkje forståast som iån' frå ein annan varietet, men er ei nyutvikling.71 dette tilfellet verkar det rimleg å tilskrive språkinnlæring ei viktig rolle. Den dorsopalatale frikativen /?/ er blant dei siste fonema barn lærer, og er eit fonem mange barn har problem med å få til. Det er derfor rimeleg å anta at samanfallet med /j/ er ein abduktiv innovasjon som først oppstår i bams språkinnlæringsprosess, som igjen er basert på heterogen bruk og uklare normer. Abduksjon refererer som nemnt til den prosessen der barn kjem fram til ein grammatikk via den verbale produksjonen til omgivnadene (jf. pkt. 4). Når denne verbale produksjonen er variabel (heterogen) og normene ikkje er klare, er sjansen for feiltolking rimelegvis relativt stor. Tidlegare sende ein gjerne barn til logoped for å rette opp slike ting som vart sett på som ein talefeil. Dette skjer vel knappast no lenger, men framleis ser nok folk flest på dette som ein talefeil eller som barnespråk. Det ville vel ikkje vere noka overdriving å seie at dette er den språkendringa folk er aller mest opptekne av i dagens norske språksamfunn. Ut frå dei granskingane som er gjorde av fenomenet, ser det ut til at innovasjonen fell betre saman med aldersavgrensingsmodellen enn med generasjonsendringsmodellen (td. Dalbakken 1996, 1997, Papazian 1994). Granskingar frå Bergen, Oslo og Trondheim viser at dei fleste ungdommar kan produsere kjelyden, men at dei av ein eller anna grunn ikkje vil (jf. Dalbakken 1997). Dette kan tyde på at samanfallet har fått funksjon som markør av gruppeidentitet eller gruppetilhøyrigheit blant ungdom. 7 På vestlandet har samanfallet vorte mogleg ved at den postalveolare frikativen /J/ har vorte innlånt frå austlandsk, men sjølve samanfallet kan som sagt ikkje tolkast som lån, heller ikkje vestpå. 100 Unn Røyneland Dalbakken (1997) trekkjer dessutan fram at sje-uttale for kje er ein fullt ut akseptert uttale i mange ungdomsmiljø. Det sosiale presset i retning av standardnorma er likevel ganske kraftig - i alle fall i enkelte vaksenmiljø - noko som tyder at desse ungdommane vil kunne tenkjast å 'reinstallere' k/e-lyden etter kvart som dei blir eldre, og altså uttale begge fonema. Samtidig ser det ut til å vere ein aukande tendens til at ungdom rett og slett ikkje oppfattar forskjellen mellom dei to fonema, og slett ikkje er i stand til å produsere k/e-lyden. Dette indikerer at det er ei endring i frammasj og at s/e-uttale av kje rett og slett har etablert seg som den nye norma mellom desse ungdommane, og at dei også vil halde fram med å følgje denne norma når dei vert eldre. Men dette blir det opp til framtidig forsking å finne ut av. Når det gjeld samanfallet mellom kje og sje, er det rimeleg å konkludere med at alderavgrensing er ein vesentleg og naturleg del av endringsprosessen - og dermed samstemme med Labov som hevdar at aldersavgrensing truleg er involvert i diakrone endringsmekanismar for einskilde typar av lingvistiske endringar (Labov 1994:97, jf. pkt. 2). For å summere opp så langt, så har vi sett at det er høgt sosialt medvit kring alle dei tre innovasjonane. Mens kje/sjesamanfallet på eine sida blir assosiert med ungdomskultur, latskap, slurv, barnespråk osb., blir dei to kontaktendringane på andre sida assosierte med majoritetskultur, standardnormer, normalitet og til ei viss grad korrekt språkbruk. 5. Sentrale og perifere område Den distinksjonen Andersen (1988, 1989) gjer mellom adaptive og evolutive innovasjonar, kan ein igjen sjå i samanheng med distinksjonen mellom sentrum og periferi - og forskjellar i tileigning, diffusjon og spreiing i ulike sosio-demografiske omgivnader. Observasjonen at sentrale og perifere område har sterk tendens til å utvikle seg ulikt, er ein av dei mest varige innsiktene innafor den historiske dialektologien. Ei mogleg forklaring på denne kontrasten kan liggje i at ulike sosial-psykologiske krefter er med på å forme språk i tid og rom (jf. tabell 3). Det er for det første ei sentrifugal kraft Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 101 - som verkar favoriserande på nivellering av forskjellar mellom ulike dialekt- og språkområde, og for det andre ei sentripetal kraft - som er gunstig for utviklinga av lokale særdrag innafor eit område. Andersen kallar språksamfunn som er karakterisert ved sentrifugale krefter for eksosentriske samfunn, og dei som er karakterisert ved sentripetale krefter for endosentriske samfunn (jf. Andersen 1988:39). Medan urbane område er oftast kan seiast å vere endosentriske, er perifere område ofte eksosentriske. Tabeil 3 Sosial-psykologiske krefter som er med på å forme språk i tid og rom Sentrifugale krefter • favoriserer nivellering av forskjellar mellom ulike dialekt-/språkområde • eksosentriske språksamfunn (primært perifere område) • ungdommen snakkar meir standardnært enn eldre generasjonar (dialektnivellering) Sentripetale krefter • er gunstig for utvikling av lokale språkspesialitetar • endosentriske språksamfunn (primært urbane strøk) • ungdommen snakkar mindre standardnært enn eldre generasjonar Andersen skil også mellom det han kallar for opne og lukka språksamfunn. Opne språksamfunn tillet gjerne stor grad av variabilitet og framstår dermed gjerne som relativt heterogene språkleg sett. Lukka språksamfunn er derimot meir restriktive med omsyn til variasjon og er dermed også språkleg meir homogene. Dei ulike kombinasjonane av eksosentriske/endosentriske og opne/lukka samfunn kan konkretiserast i fire ulike mønster: (i) endosentriske opne samfunn (ii) endosentriske lukka samfunn (iii) eksosentriske opne samfunn, (iv) eksosentriske lukka samfunn (jf. figur 1 nedanfor), (i) Det første mønsteret er kanskje det som først og fremst karakteriserer urbane bysamfunn. Det er gjerne her nye trendar blir skapte og nye trendar utanfrå først vert introduserte. Urbane bymiljø er store nok til at nye språkspesialitetar får utvikle seg, får fotfeste og blir spreidde til andre geografiske område. Konformitetspresset er 102 Unn Røyneland gjerne relativt lågt i opne bysamfunn, noko som gir seg utslag i stor toleranse i høve til variabilitet og dermed stor aksept i høve til nyskapingar, (ii) Det andre mønsteret er karakteristisk for område med relativt liten kontakt med omverda - vere seg bygd eller by. I slike isolerte område vil det gjerne kunne utvikle seg særlege språklege trekk som er særmerkjande for den aktuelle plassen, men desse vil ikkje kunne spreie seg til andre geografiske område, sidan kontakten med omverda er marginal. Samfunn av denne typen er også lite opne for påverknad utanfrå sidan dei framstår som relativt proteksjonistiske og restriktive i høve til variasjon. Truleg er det nok heller få samfunn av denne typen att i vår vestlege industrialiserte og globaliserte verd, (iii) Det tredje mønsteret er typisk for område med stor kontakt med omverda - urbane eller rurale - og som gjerne tek opp i seg endringar utanfrå. Dei endringane som førekjem i slike område, er helst henta utanfrå, og er i liten grad utvikla innafor det eigne språksamfunnet. Dette mønsteret er gjerne mest karakteristisk for rurale område som er ikkje er spesielt proteksjonistiske - eller sagt på ein annan måte - som ikkje er spesielt opptekne av å hegne om det særeigne, men som er opne for å ta opp innovasjonar utanfrå. Slike samfunn er også gjerne liberale i høve til variasjon og tillet dermed at ein hentar inn alternative uttrykksmåtar (dvs. dialektnivellering). På sikt kan likevel desse alternative variantane fortrengje dei tradisjonelle, og dermed redusere den intrasystemiske variasjonen, (iv) Det fjerde mønsteret skildrar eit samfunn som både favoriserer nivellering av forskjellar, samstundes som det er restriktivt i høve til variabilitet. Dette er tilsynelatande to ulike krefter, men ein kan godt tenkje seg at eit samfunn som er utsett for sentrifugale krefter, prøver å motverke desse gjennom å hegne om sitt eige. Det er sjølvsagt viktig i denne samanhengen å understreke at parhestane eksosentrisk/endosentrisk og opne/lukka skildrar endepunkt på ein skala snarare enn absolutte binære opposisjonar. Eit samfunn kan vere meir eller mindre ope eller lukka, og meir eller mindre eksosentrisk eller endosentrisk. For å kunne plassere eit gitt samfunn i høve til dei ulike mønstra, lyt ein ta utgangspunkt i og vurdere ulike samfunnshistoriske, demografiske og sosiologiske forhold. Folkeflyttingar, grad av kontakt med andre område via Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 103 handel og vandel, næringsgrunnlag og samfunnsstruktur er målbare forhold som må med i vurderinga. Skjematisk kan dei ulike mønstra framstillast som i figur 1: (iii) Eksosentriske opne samfunn (urbane/rurale (ii) Endosentriske lukka samfunn (urbane rurale' (iv) Eksosentriske lukka samfunn (rurale) Figur 1 Modell over ulike samfunnstypar Ut frå det som er sagt ovanfor, er det openbert at dei systeminternt motiverte innovasjonane som faktisk utviklar seg til å bli ekspansive innovasjonar, må kome frå endosentriske område - altså frå sentrale strøk, frå byar. For å seie det litt skjematisk, så er det berre dei systeminterne innovasjonane som oppstår i sentrale strøk som har kraft nok til å bli kodifiserte som nye normer - først for unge språkbrukarar og visse stilnivå, men med tida for alle språkbrukarar og alle stilnivå. I perifere og opne språksamfunn finn ein derimot gjerne eksternt motiverte kontaktinnovasjonar, og ikkje internt motiverte abduktive innovasjonar. Det vil seie at språkutviklinga i perifere strøk først og fremst er karakterisert ved konvergens mot allereie eksisterande variantar som enten opptrer i nabodialektar eller 104 Unn Røyneland i ein nasjonal standardvarietet. Det betyr at dei innovasjonane ein kan observere i perifere strøk, går i retning av geografisk meir utbreidde trekk og/eller sosialt meir aksepterte trekk. Det må igjen bety at det sosiale presset mot å oppretthalde dei lokale dialekttrekka er langt svakare enn presset mot abduktive innovasjonar som t.d. samanfallet mellom kje og sje. Alt dette viser til eit hovudpoeng, nemleg at den rolla ungdom spelar i språkendringsprosessar som innovatørar og formidlarar, er ganske ulik i endosentriske urbane strøk og i eksosentriske perifere strøk. Medan ungdom i perifere strøk generelt snakkar meir standardnært enn foreldra og besteforeldra (pga. dialektnivellering), så snakkar ungdom i byane ofte mindre standardnært enn føregåande generasjonar. Ungdom i byane plukkar opp trekk som går mot den etablerte standardnorma og utfordrar på den måten den klassiske standarden. Med tida kan likevel dei nye trekka som ungdommen introduserer, bli aksepterte som standard (standardnorma er sjølvsagt også i utvikling). Så om hundre år er det kanskje <kjole> [Judo], <kjøtt> [Jøt:], <kino> [fiinu] som er standardnorma, men dét står att å sjå. Det er interessant å merkje seg at k/e/s/e-samanfallet ikkje har nådd Røros eller Tynset. Det kunne ein kanskje ha venta, særleg på Røros, sidan den postalveolare frikativen /J7 er eit så frekvent trekk i den tradisjonell rørosdialekten. I staden forsvinn /f k/ til fordel for /sk/. Så, medan ungdom på Røros konvergerer mot standard når dei byrjar å seie /fisk/ istaden for /fijk/, divergerer osloungdom eller byungdom frå standard når dei sluttar å skilje mellom kje og sje.8 Ungdom i 8 I Oslo vert samanfallet mellom /?/ og /!/ vurdert mest positivt og er mest hyppig i bruk blant austkantungdom. Vestkantungdom har også samanfallet, men det er ikkje på langt nær så utbreidd eller akseptert blant desse ungdommane (jf. Foss Aaserud 2000). Likevel spreier samanfallet seg. Dette gir grunn til å stille spørsmål ved den distinksjonen Labov gjer mellom innovasjonar 'ovanfrå' og innovasjonar 'nedanfrå'. Ifølgje Labov refererer 'ovanfrå' og 'nedanfrå' både til sosialt medvitsnivå og til posisjon i det sosiale hierarkiet. Innovasjonar 'ovanfrå' vert i modellen til Labov introduserte av den dominerande sosiale klassa og er ofte gjenstand for full offentleg bevisstheit. Vanlegvis er det snakk om lån frå andre språksamfunn som ifølgje den dominerande klassa har høgare prestisje (dvs. kontaktlån). Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 105 byane utfordrar 'standardspråket' og er med på å endre det, medan ungdom på bygda gjer det stikk motsette. Dei utfordrar ikkje standardtalemålet og er ikkje med på å påverke eller endre det, men konvergerer i staden mot standardtalemålet - i alle fall på enkelte område. No syner det seg likevel at bygdeungdom frå austlandsområdet ikkje først og fremst konvergerer mot den 'klassiske' standarden, men heller mot ein 'yngre' variant av standardtalemålet. Dermed kan ein seie at dei er med på å forsterke og underbyggje endringane av standardtalemålet. I byane ser det ut til at språktrekk som tradisjonelt har vore lågstatus, spreier seg på kostnad av trekk som tradisjonelt har hatt høg status. Dei såkalla lavstatustrekka ser ut til å bli reallokerte av dei unge, frå typisk arbeiderklassetrekk til moderne urbane trekk - det vil seie at desse trekka ikkje indekserer lav sosialklasse lenger, men urbanitet og urban livsstil.*9 Bygdeungdom frå austlandsområdet føretrekkjer tydelegvis 'urban' framfor 'soss' - og konvergerer dermed mot det ein kunne kalla for den 'yngre urbane' standarden. Denne varianten av standardtalemålet ligg dessutan gjerne nærmare ungdommane sitt opphavelege talemål enn den klassiske standarden. Innovasjonar 'nedanfrå' er systematiske innovasjonar som først opptrer i det Labov kallar 'the vernacular'. Desse er resultat av interne lingvistiske prosessar. I byrjinga og gjennom det meste av utviklinga er desse innovasjonane under det sosiale bevisstheitsnivået - først når innovasjonen nærmar seg slutten (dvs. er gjennomført som endring), vert medlemmane i språksamfunnet bevisste på han (jf. Labov 1994:78f). Denne prestisjemodellen tek ikkje høgde for innovasjonar som vert introduserte, foretrukne og diffuserte via dei lågare sosiale klassene, men som folk samstundes er svært medvitne om. Samanfallet mellom /?/ and /J/ er på ingen måte fullstendig utbreidd, den innovative gruppa er ungdommar frå lavstatusområde både i Oslo og dei andre byane, men det er samstundes den endringa folk flest er aller mest opptekne av i dagens norske språksamfunn. 9 I dei andre skandinaviske landa kan ein observere ei liknande utvikling der tradisjonelle lavstatustrekk spreier seg på kostnad av tradisjonelle høgstatustrekk, både i byane og kringliggjande område. Urbane lavstatustrekk ser altså ut til å verte reallokerte. Jamfør også 'Estuary English' i Storbritannia - ein urbant basert varietet, som ligg mellom RP-standardengelsk og cockney (Londons arbeiderklassedialekt), og som ser ut til å spreie seg frå londonområdet. 106 Unn Røyneland 6. Oppsummering og konklusjon Ut frå det som er sagt ovanfor, er det klart at det er ikkje tilstrekkeleg å sjå på kva for innovasjon det er snakk om, men ein lyt ög vurdere kva slags samfunn ein har med å gjere og kor stort sosialt medvit det er rundt aktuelle innovasjonar. Det er slett ikkje utenkjeleg at type samfunn faktisk er meir viktig enn type innovasjon - men på den andre sida heng jo, som eg har vist, dei ulike faktorane nøye saman. Dei tre faktorane, type innovasjon, type samfunn og sosialt medvitsnivå, er interagerande faktorar som alle bør takast med i vurderinga (jf. tabell 4).10 Tabell 4 Interagerande faktorar Type innovasjon internt kontra eksternt motivert: tilpassing kontra nyskaping Type samfunn perifert kontra sentralt eksosentrisk kontra endosentrisk ope kontra lukka Sosialt medvitsnivå over kontra under Dei to lokalsamfunna eg ser på i avhandlinga mi, Røros og Tynset, let seg begge best skildre som eksosentriske perifere område med relativt opne dialektar - dvs. dialektar som tillet ein god del variasjon. Dialekten på Tynset er nok likevel meir open enn rørosdialekten, 10 Ei av innvendingane som kan rettast mot hypotesen om at aldersavgrensing ikkje representerer eit så stort metodisk problem når det gjeld kontaktinnovasjonar som ved andre typar innovasjonar, er at den er basert på eit noko forenkla syn på prestisje og norm. Grovt sett går dette synet ut på at konvergens mot nye normer ved kontaktinnovasjon er motivert ut frå det relative presitsjeforholdet - slik at ein konvergerer mot dei normene som relativt sett vert tilskrivne høgast prestisje. Det er sjølsagt nødvendig mer ei meir differensiert forståing av dei ulike solidaritetsbanda og prestisjehierarkia som kan verke som motiverande faktorar. Det er også nødvendig med vidare testing og forbetring av hypotesen. Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 107 eller har i alle fall vore det.n No er det kanskje i ferd med å jamne seg ut. Dette kan moglegvis kaste lys over det forholdet at tynsetdialekten både har ein annan endringsrate og ei anna endringshastigheit enn rørosdialekten. Både graden av variabilitet og haldningane til denne variabiliteten er truleg meir gunstige på Tynset enn på Røros, der ein nok har vore meir restriktiv og puristisk på rørosdialektens vegner. Når det gjeld dei lokale dialekttrekka som er i ferd med å forsvinne, eller også har forsvunne, i desse to områda i dag, så er det nok relativt lite sannsynleg at ungdommen kjem til å børste støv av dei og ta dei i bruk etter kvart som dei blir eldre. Dette heng også saman med kva som let seg lære på eit seinare tidspunkt i livet. Ein del trekk vil nok vere bortimot umogleg å tileigne seg, dersom ein ikkje allereie 'har dei inne' frå barndomen av. Dersom ungdommane til dømes ikkje har lært seg å palatalisere alveolarar, er det nok lite sannsynleg at dei vil vere i stand til enn seie ønskje å installere dette trekket i repertoaret sitt som vaksne. Det gjeld også for rørossjibboletten /Jk/. Dette kan ein mellom anna sjå ved at folk som ikkje har palatal uttale av <s> framfor <k> som eit gjennomført og produktivt trekk, har ein tendens til å hyperkorrigere - slik at t.d. Røros bli Røro/J/. Ein del andre trekk - leksikalske, morfoleksikalske trekk og kanskje også morfologiske trekk - vil det nok vere enklare å lære seg, men mangelen på motivasjon for å gjere det er nok like avgjerande på desse andre lingvistiske nivåa. Og nettopp mangelen på motivasjon og vilje er truleg viktigare enn sjølve evnen. Likevel er det nok fornuftig å avgrense hypotesen om korrelasjon mellom innovasjon og aldersavgrensing til å gjelde først og fremst fonologiske og morfofonologiske kontaktinnovasjonar. Det er også rimeleg å avgrense hypotesen til å gjelde dialektkontakt og ikkje språkkontakt (lån frå t.d. engelsk vil kunne følgje eit anna spreiingsmønster). 11 Dette heng truleg saman med at tynsetsamfunnet opplevde ei massiv tilflytting og omstrukturering på slutten av 1800-talet i samband med opninga av rørosbanen. Betre kommunikasjonsmuligheiter opna tynsetsamfunnet mot omverda, og tynsetingane vart tvungne til å omstille seg til nytida raskare enn innbyggjarane i nabobygdene (jf. Bakås 1998). Unn Røyneland 108 Dialektnivellering består som nemnt i at lokale dialekttrekk vert bytte ut med trekk som har ei breiare regional eller nasjonal utbreiing, og som på den måten har støtte i store og gjerne også viktige delar av befolkninga (jf. pkt. 1). Det vil seie at dei lokale trekka vert skifta ut med trekk som etter all sannsynlegheit har relativt sett høgare prestisjeverdi enn dei lokale trekka fordi det er eit vertikalt makt- og statusforhold mellom det lokale på den eine sida og det regionale/nasjonale på den andre. Dermed er det lite truleg at dialektnivellering er ein reversibel prosess, og at ungdommane som gruppe vil gå attende til meir lokale og tradisjonelle former. Det kan sjølvsagt tenkjast at enkelte ungdommar vil kunne velje slik dersom det haldningsmessige grunnlaget er til stades, men den generelle tendensen vil neppe gå den vegen. For ytterlegare å illustrere dette poenget vil eg avslutte med eit utdrag frå eit av intervjua mine: Intervju med 17 år gamal gut frå Røros: I: ja synes du den er fin <=> dialekten din da? [er du fornøgd] med den? B: [<LATTER>] ja skal vel ikke klaga men <=> kunne vel ha hatt litt mer rørospreg over den men det <=> det er vel litt sent å legge over att nå da <... > I: mm <=> men er det noken situasjona du <=> kunne tenke deg at at du kanskje ville ha prøvd å snakke meir sånn som i Oslo eller snakke [litt mindre utprega rørosing?] B: [nei <=e=>] det hadde vært morsomt å snakka litt mer rørosing sjølsagt men [[<=>]] men hvis je anstrenge meg litt så går vel det bra og men [det] er ikke så veldig mye om å gjørra det I: [[mm]] [mm] Det som mellom anna er interessant med dette utdraget, er at denne guten - vi kan kalle han Birger - held fram med å insistere på at det hadde vore fint å snakke meir rørosdialekt, sjølv når han blir spurt om det er situasjonar der han skulle ønske at han snakka mindre Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 109 rørosdialekt. Dette harmonerer fint med den 'offisielle' norske ideologien, som fortel oss at dialekt er ein positiv verdi som ein lyt ta vare på. Birger har tydelegvis internalisert dette synet, men samstundes innrømmer han at det ikkje er så veldig viktig for han, og dessutan er det vel for seint. Denne resignasjonen fungerer på sett og vis som ei slags unnskyldning og forklaring på kvifor han ikkje er villig til å 'snakke meir tradisjonelt'. Han får det til å høyrast ut som at det ikkje har noko med eige val å gjere - og truleg kjennest og oppleves det ikkje slik heller. Mange føler nok at løpet er køyrt og uttrykkjer seg temmeleg pessimistisk på dialekten sine vegner. Dei fleste ser ut til å meine at det er veldig synd at dialekten endrar seg, men at det ikkje er nokon ting dei kan gjere med det. Birger går på yrkesfagleg studieretning og har mange kompisar som snakkar mykje 'breiare' enn det han sjølv gjer, men sjølv om Birger er svært positivt innstilt til sin eigen dialekt, så er det lite som tyder på at han kjem til å 'legge over att', som han uttrykkjer det. Svaret på spørsmålet om aldersavgrensing alltid er eit potensielt problem i synkrone generasjonsstudiar, er kanskje i prinsippet ja, men eg meiner å ha vist der er vektige grunnar til å tru at aldersavgrensing er eit betydeleg mindre metodisk problem når det gjeld studie av kontaktinnovasjonar, og dermed synkrone generasjonsstudiar av dialektnivellering, enn når det gjeld studie av andre typar innovasjonar. 110 Unn Røyneland Litteratur Abrahamsen, J. E. (1995). Utvalde palatal-tal : metodekritisk ljos på avpalataliseringi i yngre mål i Herøy på Sunnmøre. Trondheim: Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim. Andersen, H. (1989). 'Understanding linguistic innovations'. I L. E. Brevik, & E. H. Jahr (eds), Language Change. Contributions to the Study of Its Causes. Berlin, New York: Mouton de Gruyter. Andersen, H. (1988). 'Center and periphery: adoption, diffusion and spread'. In J. Fisiak (ed), Historical Dialectology. Regional and Social, Trends in Linguistics Studies and Monographs 37, Berlin, New York, Amsterdam: Mouton de Gruyter. Andersen, H. (1973). ‘Abductive and deductive change', (s.765-93) Language 49 Auer, P., B. Barden & B. Grosskopp (1998). 'Subjective and objective parameters determining 'salience' in long-term dialect accommodation' (s. 163-187) i journal of Sociolinguistics 2/2 Auer, P. 8c F. Hinskens (1996). 'The convergence and divergence of dialects in Europe. New and not so new developments in an old area'. Sociolingistica, 10, 1-25. Bakås, M. K. (1998). Urbanisering, modernitet og dialekt: en interaksjonell sosiolingvistisk studie av talemålsutviklinga i Tynset sentrum. Trondheim: Hovedoppgave i nordisk - NTNU. Bloomfield, L. W. (1933). Language. New York: Holt, Rinehart Sr Winston. Borg, A. (1971). Palatalisering av dentalar. Oslo: Hovedoppgave i nordisk Universitetet i Oslo. Chambers, J. K. (1995). Sociolinguistic Theory. Linguistic Variation and its Social Significance. Language in Society 22, Oxford UK 8c Cambridge USA: Basil Blackwell. Cheshire, J., A. Gillett, P. Kerswill St A. Williams (1999). 'The role of adolescents in dialect levelling'. Final report submitted to the Economic and Social Research Council, June 1999. Christiansen, H. (1973). Norske Dialekter III: De viktigste målmerker og deres råderom. Oslo: Tanum-Norli. Coupland, N. Sc J. F. Nussbaum (1993). Discourse and Lifespan Identity. Language and Language Behaviours vol 4. Newbury Park, London, New Dehli: Sage Publications. Croft, W. (2000). Explaining Language Change. An Evolutionary Approach. Longman Linguistic Library. Edinburgh: Pearson Education Limited Dalbakken, L. O. (1997). 'Den "sjedelige" kj-lyden. Sj-uttale av kj-lyden slurv eller språkending?'. Språklig samling 1, 5-10. Aldersavgrensing og ungdom som språkagentar 111 Dalbakken, L. O. (1996). Distinksjonen kje/sje i lydendringsperspektiv. En empirisk undersøkelse av bams og unges beherskelse av distinksjonen kje/sje i Trondheim. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Oslo Dalen, A. (1985). Skognamålet. Ein fonologisk analyse. Norske Studiar. Utgjevne av Norsk Målførearkiv, Universitetet i Oslo. Oslo: Novus. Eckert, P. (2000). Linguistic Variation as Social Practice. The Linguistic Construction of Identity in Belten High. Language in Society 27. Massachusetts, Oxford: Blackwell. Eckert, P. (1989). Jocks & Burnouts. Social Categories and Identity in the High School. New York & London: Teachers College Press Eckert, P. (1988). 'Adolescent social structure and the spread of linguistic change.' Language in Society 17, 183-207. 'Estuary English' web-site: http://www.phon.ucl.ac.uk/home/estuary/home.htm run by John Wells, University College London Foss Aaserud, I. (2000): Språkhaldningar i eit språkendringsperspektiv. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Oslo. Gregersen, F. (1999). 'Sociolingvistikkens forandringer. Indledende knæbøjninger før Projekt Bysociolingvistik eventuelt genoptages'. Danske Folkemål 41, 107-138. Hinskens, F. (1996). Dialect Levelling in Limburg. Structural and Sociolinguistic aspects. Linguistische Arbeiten. Tubingen: Max Niemeyer. Horvath, B. (1985). Variation in Australian English, Cambridge: Cambridge University Press. Jahr, E. H. (red.) (1990). Den store Dialektboka, Oslo: Novus Forlag. Kerswill, P. & A. Williams (2000): 'Salience' as explanatory factor in language change: evidence from dialect levelling in urban England' (s. 63-95) i Reading Working Papers in Linguistics Vol. 4. Reading: Dept, of Linguistic Science. Kerswill, P. (1996). 'Children, adolescents, and language change'. Language Variation and Change, 8, 177-202. Kotsinas, U.-B. (1997). 'Young People's Language, Norm, Variation and Language Change' (s. 109-133) i Norm, variation and change in language. Proceedings of the centenary meeting of Nyfilologiska sällskapet. Stockholm: Almquist & Wiksell International. Labov, W. (1994). Principles of Linguistic Change. Internal factors, Language in Society 20, Oxford UK & Cambridge USA: Basil Blackwell. Labov, W. (1966). The Social Stratification of English in New York City. Washington D.C.: Center for Applied Linguistics. 112 Unn Røyneland McMahon, A. M. S. (1994). Understanding Language Change. Cambridge: Cambridge University Press Milroy, J. (1992). Linguistic Variation and Change, Language in Society 19, Oxford UK & Cambridge USA: Basil Blackwell. Papazian, E. (1994). 'Om sje-lyden i norsk, og ombyttinga av den med kjelyden (s. 1-92) i Norskrift nr. 83 Røyneland, U. (1999). 'Språkleg regionalisering på Røros og Tynset'. Målbryting 2, 98-120. Røyneland, U. (2001). 'Is age-grading always a potential problem in apparent time studies'. I Fontana, J. M., L. McNally, M. T. Tureil & E. Vallduvi: Proceedings of The First International Conference on Language Variation in Europe ICLAVE1, Barcelona (Spain), June 29-30/July 1. 2000. Sandøy, H. (1987). Norsk dialektkunnskap. Oslo: Novus Forlag. Sjekkeland, M. (1997). Dei norske Dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Torp, Arne (i kjømda). 'Skarre-r og "skjøttkaker" - barnespråk, talefeil eller språkforandring?'. IDNV, Tidsskrift for Det Norske Videnskabsselskab. Trudgill, P. (1986). Dialects in Contact, Language in Society 10, Oxford: Basil Blackwell. Weinreich, U., W. Labov & M. I. Herzog (1968). 'Empirical foundations for a theory of language change'. I W. P. Lehmann, & Y. Malkiel (eds): Directions for Historical Linguistics: A Symposium. Austin: University of Texas Press.