Politiet har rykka ut til ei privat adresse i Bergen sentrum etter ein mogleg trusselsituasjon. Det er ingen som er skadd, skriv politiet.
To vaksne personar er involverte, og det verkar som om dei kjenner kvarandre.
– Den fornærma fekk ein person på døra, men det er såpass store språkproblem at det er uavklart kva som har skjedd, seier Knut Dahl-Michelsen i politiet.
Den mistenkte har forlate staden. Vedkommande skal ha hatt med seg kniv.
Politiet rykte ut med to patruljar, der den eine søker etter mistenkte, mens den andre avhøyrer den fornærma.
Det er ingen opplysningar om at andre har blitt truga.
Politiet har avslutta på staden.