Staten aukar eigarskapen over gasstransporten
Utanfor kysten er eit stort gasstransportsystem som staten har heimfall på ved utløpet i konsesjonstida.
Etter ønske frå eigarane har staten tilbode seg å overta eigarskapen for infrastrukturen før utløpet i konsesjonstida. Avtalane som er inngått betyr at staten overtar eigarandelane med økonomisk verknad frå 1. januar 2024. Samla vederlag er på 18,1 milliardar kroner.
– Eg vil takke selskapa for ein god, konstruktiv prosess og avtaler som eg meiner alle partar er tente med, seier energiminister Terje Aasland.