Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Arne Garborg
Fødd
25. januar 1851, Jæren
Død
14. januar 1924, Asker
Garborg 1910
Arne og Hulda Garborg i 1910.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Arne Garborg var ein norsk forfattar. Han skreiv romanar, dikt, essays, avisartiklar og skodespel.

Nokre av dei mest kjende verka hans er romanane Bondestudentar (1883), Trætte Mænd (1891) og Fred (1892).

Garborg skreiv stort sett på nynorsk. Han var oppteken av å vidareutvikle det nynorske skriftspråket.

I litteraturhistoria høyrer mykje av det Garborg skreiv til realismen.

Bakgrunn

Arne Garborg vart fødd på Jæren i Rogaland. Han voks opp på ein gard, og dei fyrste åra av livet hans var fine. Då han var rundt ni år gammal, fekk faren psykiske problem og depresjon. Det gjorde livet på garden vanskeleg for heile familien.

Garborg skulle eigentleg overta garden og bli bonde, men det ville han ikkje. Han flytta for å ta utdanning som lærar. Medan han studerte, skreiv han både dikt og artiklar i skuleavisa. Då han var ferdig utdanna, jobba han som lærar i nokre år, men han likte ikkje jobben så godt. Han meinte det var for lite fridom i undervisninga.

Ved sida av å vere forfattar starta Garborg fleire aviser og blad. Der arbeidde han både som journalist og redaktør.

Garborg var gift med Hulda Garborg, som også var forfattar. Begge var opptekne av utviklinga av nynorsk. Dei var med på å grunnleggje Det Norske Teatret i Oslo, som berre viser skodespel på nynorsk.

Forfattarskap

Ane Dahl Torp holder en liten plastfigur formet som en fe med vinger i hånden.
Haugtussa handlar om gjetarjenta Veslemøy. Ein morgon blir ho oppsøkt av den døde søstera si. Ho fortel at Veslemøy har ein tung veg framfor seg, for ho er synsk. Det vil seie at ho kan sjå kva som kjem til å skje. Fotoet viser Ane Dahl Torp i rolla som Veslemøy på Det norske teatret hausten 2024.
Fra Haugtussa, 2024
Av /Det norske teatret.

Den fyrste boka Arne Garborg gav ut, var Smaastubber af Alf Buestreng (1873). Han vart godt kjend då romanen Bondestudentar kom ut i 1883. Boka handlar om ein fattig bondegut som kjem til Christiania, det som no heiter Oslo, for å studere. Han er flau over staden han kjem frå, og han kjempar for å passe inn i storbyen.

Garborg brukte ofte opplevingar frå sitt eige liv i dei skjønnlitterære tekstane sine. Den vanskelege oppveksten på Jæren er tema i fleire av verka hans. Det finn ein til dømes i romanen Fred, diktverket Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og prosa-verket Den burtkomne Faderen (1899).

Garborg skreiv om mange ulike tema i ulike sjangrar:

Garborg jobba for å utvikle nynorsken som Ivar Aasen hadde grunnlagt. Frå han var 25 år gammal skreiv han mest på nynorsk. Men han skreiv òg essay og romanar på dansk-norsk.

Han omsette fleire verk til nynorsk, mellom anna Odysseen frå gresk. Han omsette òg komediar av Ludvig Holberg frå dansk.

Betydning

Arne Garborg var svært viktig for utviklinga av nynorsk språk, kultur og litteratur.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger