Feminisme er idear som handlar mest om kvinnefrigjering, men også korleis ein skal skape eit samfunn der alle har dei same rettane.
Ein person som følger feminismen blir kalla ein feminist.
Rett til, og plass i, barnehage for barn har vært en viktig sak for feminister i Norge. Her er den norske ministeren Sissel Rønbeck på besøk i en barnehage i 1981.
Feminisme er idear som handlar mest om kvinnefrigjering, men også korleis ein skal skape eit samfunn der alle har dei same rettane.
Ein person som følger feminismen blir kalla ein feminist.
Frå siste halvdel av 1800-talet og framover var det mange kvinner som kjempa for at kvinner og menn skulle ha dei same rettane i lovene. Dei ville for eksempel at kvinner også skulle ha røysterett. Sjølv om kvinner fekk dei same rettane, var det vanskeleg for mange kvinner å tene eigne pengar. Det var for eksempel eit vanleg krav at kvinner hadde ansvar for alt husarbeid åleine.
På 1960- og 1970-talet jobba den nye kvinnerørsla for at fleire kvinner skulle ha lønna jobbar. Sjølv om ei kvinne gifta seg og fekk barn, skulle dei også ha ein bra jobb, syntest feministane. Difor var det viktig at barna fekk plass i barnehage, så mødrene deira kunne gå på jobben. Når kvinnene jobba og tente eigne pengar, kunne dei bestemme meir over sitt eige liv. Feministane ville også at kvinner skulle få bestemme sjølv kor mange barn dei ville ha, og at dei kunne skilje seg viss dei ville det.
Merket for kvinnekamp ble laget av en amerikansk forfatter som heter Robin Morgan. Det ble lagd merker til å feste på jakka til en demonstrasjon mot en Miss America-konkurranse i USA i 1969. Merket ble etter hvert brukt i hele verden. På kvinnedagen 8. mars kan man fortsatt se det på plakater og jakkemerker.
Nokre av sakene feministar har jobba for etter 1960-talet er:
Frå 1990-talet vart mange feministar meir opptekne av å kjempe mot seksuelle overgrep og seksuell trakassering. Metoo-rørsla frå 2017 er eit eksempel på dette.
I Noreg har feminisme ført til fleire endringar i samfunnet.
Frå 1960-åra byrja staten å betale ein del av pengane det kostar å ha barn i barnehage. I 1975 kom abortlova, som gav kvinner rett til å ta abort. I 1981 vart Gro Harlem Brundtland Noregs første kvinnelege statsminister.
I dag får kvinner og menn som gjer den same jobben, som regel den same løna. Både politikarar og fagforeiningar i Noreg jobbar for at det skal vere sånn.
Feministar jobbar no ofte mot alle ting som kan føre til at kvinner blir undertrykt. Det er likevel litt ulikt kva dei er mest opptekne av:
Ordet feminisme kjem frå det latinske ordet feminia, som betyr kvinne. Ordet vart populært på 1960-talet, då mange vart opptekne av kvinnerettar, og det kom ei ny kvinnerørsle.