Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Hovudstad
Amsterdam
Innbyggjartal
17,6 millioner
Storleik
33 670 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Willem-Alexander
Språk
nederlandsk og frisisk
Nasjonaldag
27. april
Valuta
euro
Flagg
plassering av Nederland på jordkloden. Kart

Nederland (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nederland er eit land som ligg vest i Europa. Landet grensar til Belgia og Tyskland. Hovudstaden heiter Amsterdam.

Natur og klima

Plassering av Nederland med naboland rundt, kart.

Nederland og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nederland er flatt og ligg lågt mot Nordsjøen. Vaalserberg er det høgaste punktet i landet, 323 meter over havet.

Landet har òg store landområde som ligg lågare enn havoverflata. Nederlendarane skapte desse områda ved hjelp av vindmøller og dike. Eit dike er ein jordhaug som vernar lågt land mot havet.

Områda under havnivå er heim for kanin, rev, mår og mange ulike fugleartar. Jorda der passar godt til jordbruk. Nederland er spesielt kjent for å dyrke mange fargerike tulipanar.

Somrane i Nederland er ganske kjølige og vintrane ganske milde.

Folk og kultur

I Nederland bur menneska tett på liten plass. Mange av innbyggarane bur i dei vestlege byane Amsterdam, Rotterdam, Utrecht og Haag.

Dei største folkegruppene, ved sida av nederlendarar, er folk frå tidlegare koloniar, som Indonesia, Surinam, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Det har òg komme folk frå Tyrkia og Marokko.

Alle barn må gå på skule frå dei er 5 år til 18 år. Rundt 65 prosent av elevane går på private skular, drivne av ulike trussamfunn.

Dei kjende målarane Rembrandt van Rijn og Vincent van Gogh var frå Nederland.

Nederland er òg kjent for folkedans med tresko, ostar som gouda og edamer og mange indonesiske restaurantar.

Politikk og økonomi

Nederland er eit monarki med konge som statsoverhovud. Kongefamilien og regjeringa held til i Haag.

Den internasjonale domstolen ligg òg i Haag. Derfor blir Haag ofte omtalt som 'rettshovudstaden i verda'.

Nederland er medlem av EU, NATO og FN. Landet er òg med i Benelux-unionen, som er eit økonomisk samarbeid mellom landa Belgia, Nederland og Luxembourg.

Historie

Nederland var eit sentrum for vitskap og kunst i Europa frå 1500-talet heilt til 1800-talet.

Fram til slutten av 1800-talet var Nederland ein god del større enn i dag. Landet bestod òg av delar av Belgia. Spania og Austerrike herska over delar av Nederland fram til 1579. Nederland vart då ein sjølvstendig republikk, som varte fram til 1815. Etter napoleonskrigene vart Nederland eit monarki.

Frå 1600-talet tok Nederland kontroll over handelen i Indonesia. I 1816 vart landet kolonisert av Nederland. Dei kontrollerte kva som skulle dyrkast på øyane, og selde det til andre land. Indonesia vart ein sjølvstendig stat i 1949.

Dei tidlegare koloniane Aruba, Curaçao og Sint Marteen er framleis ein del av Nederland.

Nederland var okkupert av Tyskland under andre verdskrigen. Nederland var med på å starte både NATO, FN og EU etter krigen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør