Samoa er eit land som består av øyar. Det ligg i verdsdelen Oseania, i Stillehavet. Hovudstaden heiter Apia.

Samoa
Faktaboks
- Hovudstad
- Apia
- Innbyggjartal
- 207 500
- Storleik
- 2 780 km²
- Statsform
- monarki
- Statsoverhovud
- Tuimalealiifano Va’aletoa Sualauvi 2
- Språk
- samoansk, engelsk
- Nasjonaldag
- 1. juni
- Valuta
- samoansk tala


Samoa (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).
Natur og klima

Samoa og nabolanda
Dei to største øyane er toppar av vulkanar som ligg under havet. Øyane har bratte kystar med korallrev utanfor. I kratera i vulkanane er det innsjøar, og derfrå renn det elvar med fossar. Samoas høgaste punkt er Mauga Silisili på øya Savai'i, 1858 meter over havet.
I Samoa finst det regnskog, med mellom anna kokospalmar, skruepalmar og bregnar. 28 prosent av plantene på land veks berre på Samoaøyene. Ved kystane lever mange typar sjøfuglar, til dømes fregattfuglar.
Det er 19 typar reptiler, mellom anna havskjelpadder og kvelarslange (boa) på land. Det er meir enn 400 fiskeartar. Det finst ikkje amfibiar i Samoa.
Samoa har tropisk regnklima. Det betyr at det er varmt og fuktig heile året. Det er regntid frå november til april. Samoa får ofte tropiske orkanar, som fører til store øydeleggingar.
Folk og kultur

Dei fleste menneska i Samoa bur i landsbyar. Der lever mange av å fiske.
Dei offisielle språka er samoansk og engelsk. Over 90 prosent av befolkninga er samoanarar. Resten har bakgrunn frå andre øyar i Stillehavet eller Europa. Over 95 prosent av befolkninga er kristne, dei fleste er protestantar.
Grunnskulen varer i seks år, vidaregåande skule i sju år. Alle barn og ungdommar må gå minst ti år på skule.
Dei mest populære sportane er rugby, samoansk cricket (kirikiti) og volleyball.
Politikk og økonomi
Samoa har ein konge, som er vald for livet. Når han døyr vel dei ein ny person til statsoverhovud. Det er likevel statsministeren og regjeringa som styrer landet. Statsministeren blir vald av parlamentet for fem år av gongen, og set saman si eiga regjering.
Samoa er medlem av FN og Samveldet av nasjonar.
Samoa samarbeider med New Zealand om forsvar av landet, om politikk og om skulesystem.
Turisme er den viktigaste inntekta for Samoa. Nesten alle pengane landet tenar kjem frå folk som kjem på ferie. I tillegg lagar og sel dei klede, kablar og bildelar. Samoa driv mest handel med Australia, New Zealand og USA.
Historie
Dei første menneska kom til Samoa frå Indonesia, Malaysia og Filippinane, cirka 1500 år før tidsrekninga vår.
Dei første europearane kom til øyane på 1700-talet. Samoa vart styrt av Tyskland frå 1899 og av New Zealand frå 1920. Etter eit opprør i 1961 vart Samoa i 1962 den første uavhengige staten i det polynesiske området i Stillehavet.
Frå 1899 til 1997 heitte landet Vest-Samoa.