Bankkonto er når ein bank passar på pengar for ein kunde. Når ein opnar ein bankkonto, set ein inn pengar på kontoen. Banken held styr på kor mykje pengar ein har sett inn og teke ut. Mengda pengar ein har på kontoen, heiter saldo.
Kunden kan vere ein person, ein organisasjon eller ei bedrift. Kunden eig framleis pengane, sjølv om dei er i banken.
Alle bankkontoar har eit eige nummer. I Noreg har kontonummer 11 siffer, til dømes 1111.22.33333.