Budsjett er ein plan for pengar, for ein avgrensa tidsperiode, til dømes ein månad eller eit år. Målet med eit budsjett er å passe på at ein ikkje brukar meir pengar enn ein har. Når eit budsjett viser at ein ikkje brukar meir enn ein har, seier vi at budsjettet er i balanse.
I budsjettet skal det vere oversikt over
- kor mykje pengar ein har (formue)
- kor mykje pengar ein vil tene (inntekter)
- kor mykje pengar ein vil bruke (utgifter)
Det finst fleire typar inntekter og utgifter i eit budsjett. Kvar type blir kalla ein budsjettpost. Ein budsjettpost kan til dømes vere utgifter til mat.